
Hovevegen 4
Kva kan jordskifteretten gjera for deg?
Vi arbeider med å løyse ulike typar problem knytt til fast eigedom.
Ei sak for jordskifteretten kan omfatte klarlegging av grenser og eigedomstilhøve og/eller endring av eigedomar og eigedomstilhøve.
Er det uklare grenser og eigedomstilhøve, kan jordskifteretten klarleggje og merke eigedomsgrenser og/eller klarleggje og fastslå eigedomstilhøva i eit område.
Er ikkje klarlegging nok for å løyse problema, kan jordskifteretten endre eigedomstilhøva eller gi reglar om bruken av areala. Slike tiltak kan gå ut på å løyse opp sameiger, dele eigedomar, forme ut eigedomar på nytt, gi reglar om bruken i samband med t.d. felles vegar, utøving av jakt og fiske m.m., skipe sams tiltak, t.d. etablere vegar, gjerde, vatningsanlegg m.m., eller avløyse ulike typar bruksrettar.