Dødsfall og arv
Det er mange ting som skal ordnast når ein av våre nærmaste døyr, og mykje kan og virke vanskeleg. Tingretten vil alltid kunne gi deg rettleiing om korleis du skal gå fram. På desse sidene kan du få svar på mellom anna desse spørsmåla:
Korleis melder eg eit dødsfall?
Kven er arvingar?
Er eg arving etter arvelova?
Offentleg eller privat skifte?
Kvifor treng eg skifteattest?
Har eg rett på minstearv som gjenlevande ektefelle?
Kven har rett til å sitje i uskifte?
Relevante skjema vedrørande arv og skifte finn du hos Statleg blankettarkiv.
Korleis melder eg eit dødsfall ?
Det er mange ting som skal ordnast når ein av våre næraste døyr, og mye kan og verke vanskeleg. Tingretten vil alltid kunne gi deg rettleiing om korleis du skal gå fram.
Korleis melder eg eit dødsfall?
Når nokon døyr bør den som er nærmaste pårørande straks ta kontakt med eit gravferdsbyrå. I tillegg til sjølve gravferda er det mange praktiske ting som skal ordnast. Mellom anna skal dødsfallet meldast til tingretten i det distriktet der den avlidne budde.
I regelen vil gravferdsbyrået, etter avtale, ordne med dette. Men som nær slektning eller ektemake kan du også sjølv melde frå om dødsfallet direkte til tingretten. Tingretten kan gi deg vidare rettleiing, mellom anna om korleis du kan gjere opp dødsbuet etter den avlidne.
Møte med tingretten
Det kan høve med eit møte med tingretten, slik at de kan diskutere kva som vidare skal skje med den døde sine eigendelar og formue. På møtet kan de mellom anna verta spurt om den døde sine familieforhold, eigendelar, gjeld og testamente. Du bør ta med deg den døde sitt testamente, eventuell ektepakt og dokumentasjon som viser hans/hennar gjeld og eigendelar.
Arvingane må så ta stilling til korleis boet skal skiftast, det vil sei kven som skal fordele arven blant arvingane. Det er fleire former for skifte. Det aller vanligaste er privat skifte, det vil sei at arvingane vert samde seg i mellom kven som skal arve kva. Derfor er det viktig å fastslå kven som er dei faktiske arvingane.
Offentleg eller privat skifte ?
Arvingane avgjer i fellesskap korleis buet skal skiftast, dvs. kven som skal fordele arva etter avdøde mellom arvingane. Det er fleire former for skifte men reglane for skifte er i det alt vesentlege dei same uansett måten skiftet blir gjennomført på.
Det mest vanlege er privat skifte, dvs. at arvingane blir samde seg i mellom korleis eigedom og kapital skal fordelast. Derfor er det viktig å fastslå kven som er dei faktiske arvingane. Dersom arvingane skal gjennomføre eit privat skifte, skriv retten ut ein skifteattest. Denne attesten vil gi arvingane råderett over den avlidne sin eigedom.
Dersom arvingane ikkje ønskjer å ta på seg ansvaret med å fordele den avlidne sin formue og eigedom, kan tingretten gjennomføre eit offentleg skifte. Tingretten vil då skaffe seg oversikt over den avlidne sin formue og eigedom og registrere desse. Som regel vil kontakten med arvingane oppretthaldast gjennom skiftesamlingar som blir leia av ein bustyrar som blir oppnemnt av tingretten. I desse samlingane vil ein gjere dei fleste vedtak i samband med bubehandlinga. Når alle spørsmål er avklara vil tingretten avslutte det offentlege skiftet med ei utlodding (fordeling).
Kven er arvingar?
Du er arving dersom du er tilgodesett i testamentet til den avlidne, eller dersom arvelova fastset det. Har ikkje den avlidne skrive testamente, følgjer det altså av arvelova kven som er arvingar. I arvelova er det også reglar om kva krav på arv livsarvingane (barn og barnebarn) har.
Sambuarar med felles barn får ein avgrensa rett til uskifte og ein avgrensa rett til arv etter endringar i arvelova frå 1. juli 2009. Sambuarar utan felles barn må fortsatt skrive testament dersom dei ønskjer at den attlevande sambuaren skal ha rett til arv.
Registrerte partnarar er jamstilte med ektemakar. Det som blir sagt om ektemakar nedanfor, gjeld derfor også for registrerte partnarar. Tingretten hjelper deg med å setje opp ei liste over arvingar.
Er eg arving etter arveloven, 1., 2. og 3. arvegangsklasse?

Barn og barnebarn
”Første arvegangsklasse” i arvelova er barn og barnebarn av den døde. Arven går som hovudregel til barna. Men dersom barna ikkje lenger er i live, går arven vidare til barna deira, det vil seie barnebarna. Dersom den avlidne korkje har barn eller barnebarn, går arven vidare til mor og far.
Mor, far, sysken, nieser og nevøar
Mor og far er ”andre arvegangsklasse”. Dersom mor eller far ikkje lenger er i live, går arven vidare til barna deira (syskena til den døde).
Dersom heller ikkje nokon av dei er i live, går arvedelen deira vidare til deira barn igjen (nevøar eller nieser av den døde). Om ein nevø eller ei niese ikkje er i live, men har eigne barn, går arven også her vidare.
Halvsysken til den avlidne er også i andre arvegangsklasse. Men dei arvar berre den av foreldra som dei hadde felles med den avlidne. Det er berre når den avlidne ikkje har slektningar i andre arvegangsklasse, at arven går vidare til besteforeldre, tanter og onklar.
Besteforeldre, tanter, onklar, fetrar og kusiner
Besteforeldra er tredje arvegangsklasse. Dersom besteforeldra ikkje er i live, går arven vidare til barna deira, altså tanter og onklar til den døde. Dersom dei heller ikkje er i live, går arven vidare til barna deira, altså fetrar og kusiner.
Arven går til staten dersom det ikkje finst slektningar i denne arvegangsklassen, og dersom den avlidne ikkje har skrive testamente til fordel for andre. Barn av fetrar eller kusiner av den døde er ikkje arvingar etter arvelova.
For ytterlegare informasjon, sjå
http://odin.dep.no/jd/norsk/dok/andre_dok/veiledninger/012081-120006/dok-bn.html