Ærend i domstolane /  Gjeldssaker og tvangssal / 

Gjeldssaker og tvangssal

Gjeldssaker og tvangssal
Dersom du har alvorlege gjeldsproblem og er varig ute av stand til å betale gjelda di, kan du søke om gjeldsordning hos namsmannen (lensmann, politi eller namsfogdkontor) i heimkommunen din.

Gjeldsordningslova tar sikte på at personar med alvorlege gjeldsproblem skal få kontroll over eigen økonomi, og at mest mogeleg av gjelda blir dekka.

I einskilde tilfelle er økonomiske krav mot ein person sikra med pant i fast eigedom, verdipapir, gjenstandar osv. Når skuldnaren ikkje kan betale gjelda si, kan kreditor kreve det pantsette selt for å få dekka det han har tilgode.

På dei neste sidene kan du lese meir om gjeldsordning, om korleis du går fram for å søkje, og om vilkåra for å gjennomføre tvangssal.

Kva er gjeldsordning?
Ein avtale om gjeldsordning kan gå ut på at:

· Du får utsetjing med å betale heile eller delar av gjelda, eller
· Kreditorane gir heilt eller delvis avkall på renter eller omkostningar, eller
· Heile eller delar av gjelda di blir sletta med ein gong, eller når gjeldsordningsperioden er slutt.

Du kan oppnå gjeldsordning ved frivillig avtale med kreditorane dine, dvs. dei du skuldar pengar. Dersom kreditorane ikkje vil inngå ein slik avtale, kan namsretten vedta tvungen gjeldsordning.

Det mest vanlege er at du får sletta restgjelda etter ein gjeldsordningsperiode på fem år. I denne perioden betalar du til kvar av kreditorane som regel kvar månad ein sum som blir fastsett under gjeldsforhandlingane.

Du må vere budd på at du må selje delar av formuen som hus, hytte, bil, osv. for å oppnå gjeldsordning. Det du skal betale blir avpassa etter økonomien din og betalingsevna di. Du skal altså vere i stand til å livnære deg sjølv og familien din, samstundes som du betalar ned på gjelda.

Meir informasjon om gjeldsordning finn du på
Barne- og likestillingsdepartementets nettsider.