Notarialforretning
Ein notarialforretning inneber å gi eit dokument eller ei underskrift eit offentleg bevis. Den som utfører notarialforretninga blir kalla notarius publicus.
Når treng eg notarialbevis?
Skal du bruke dokument i utlandet, vil du ofte bli bedt om notarialbevis. Men og i andre samanhengar kan det vere nødvendig å få ei offentlig stadfesting på at eit dokument eller ei underskrift er gyldig. Som regel vil det vere ei utanlandsk styresmakt, ein organisasjon eller eit firma som ber om at eit dokument må stadfestast av det offentlege før dei kan bruka det.
Kven utfører notarialforretningar?
Notarialforretningar blir utført av tingrettane og ved byfogdene i Oslo og Stavanger. Lensmenn kan og foreta notarialforretningar, men dette er i hovudsak avgrensa til å bekrefte underskrifter og utskrive leveattestar. Det siste kan vere nødvendig for å oppnå trygdeutbetalingar mv. frå utlandet. Dessutan kan notarialforretningar utførast av utanrikstenesta og av Sysselmannen på Svalbard. I Øst-Finnmark kan politimeisteren foreta notarialforretning. Direktøren for Registereininga i Brønnøysund kan notarialbekrefte utskrifter frå Brønnøysundregisteret, samt rett kopi av dokument i Brønnøysundregisteret sine arkiv.
Korleis går eg fram?
Når du blir bedt om å notarialbekrefte eit dokument, vender du seg til notarius publicus med dokumentet og forklarer kva du ønskjer bekrefta. Du vil då få beskjed om kva type dokumentasjon du må leggje fram.
Hva kan notarialbekreftast?
Notarius publicus kan gi fleire typar notarialstadfestingar avhengig av kva slag dokument det gjeld, og kva ein legg fråm av dokumentasjon.
Dei mest vanlege formene for notarialforretningar er:
· Stadfesting av underskrift. Dette blir gjort etter personleg frammøte og framvisning av legitimasjon. Som legitimasjon godtas pass, bankkort og førarkort av ny type. Denne type stadfesting kan vere aktuell på fullmakter til representantar i utlandet, fullmakter og skjøte vedrørande kjøp og sal av eigedom i utlandet, dokument i samband med adopsjon av utanlandske born eller dokument vedrørande arv frå utlandet.
· Stadfesting av underskrift og signaturrett i firma. Blir gjort ved personleg frammøte og ved å vise fråm legitimasjon og firmaattest frå Brønnøysundregisteret. Firmaattesten skal vere original og normalt ikkje eldre enn seks månader. Det kan t.d. vere forretningsavtalar, fullmakter eller patentsøknader som kan trenge ei slik stadfesting.
· Forsikring på ære og samvit. Blir brukt når ein hos notarius publicus skal forsikre at det som står i dokumentet er korrekt. Det vil gå fram av ordlyden i dokumentet at slik type stadfesting er ønska. Dette er mest aktuelt på dokument til USA og Canada. Du må møte personleg og vise legitimasjon.
· Stadfesting av rett kopi. Dette er aktuelt for dokument som skal brukast for utanlandske styresmakter. Det må stadfestast kva formål kopiane skal brukast til. Kopiering av attestar og vitnemål for skole- eller jobbsøknader vil ikkje bli stadfesta hos notarius publicus. Kopiar til slik bruk kan attesterast av den som skreiv dokumentet eller eit kopieringsbyrå.
· Leveattest. Ein slik attest kan bli gitt i samband med utbetaling av pensjon frå utlandet. Du må møte personleg hos notarius publicus og vise gyldig legitimasjon.
(Vekselprotestar handsames nå av politi eller namsmann)
Sida vart sist oppdatert: 08.05.2006, kl. 11:59