Informasjon om Domstoladministrasjonen (DA) og DA sitt styre
Kva er Domstoladministrasjonen?
Domstoladministrasjonen er sentral administrasjon for dei alminnelege domstolane og jordskiftedomstolane i Noreg; Høgsterett, seks lagmannsrettar, alle tingrettane og jordskiftedomstolane.
Ansvarsområde til Domstoladministrasjonen
Som sentral administrasjon skal DA medverke til at domstolane blir best mogeleg i stand til å løyse oppgåvene sine. Det vil mellom anna seie å leggje til rette for forsvarleg og effektiv gjennomføring av rettssaker. DA har også den overordna arbeidsgivarfunksjonen for dei alminnelege domstolane og jordskiftedomstolane. DA arbeider for å styrkje tilliten til domstolane i samfunnet.
Domstoladministrasjonen ligg i Trondheim og har omlag 90 tilsette.
I ein rettsstat skal domstolane ikkje stå under politisk styring eller kontroll i den dømmande verksemda. Maktfordelinga mellom Stortinget, Regjeringa og domstolane har vore sentral i norsk statsforfatning sidan Grunnlova blei vedteken. For at domstolane skal vere mest mogleg uavhengige av den utøvande og lovgivande makta, er òg sjølve administrasjonen av domstolane lagd til ein uavhengig organisasjon.
Arbeidsområde:
Juridisk arbeid: DA tek initiativ overfor Justisdepartementet til juridisk
utviklings- og lovgivingsarbeid som gjeld domstolane. DA behandlar òg erstatningskrav frå personar som meiner at domstolen
har gjort feil som kan gi rett til erstatning. DA kan ikkje overprøve vurderinga til domstolane i enkeltsaker.
Informasjon og samfunnskontakt
DA skal styrkje informasjonsarbeidet i og mellom domstolane
og mot allmenta og media. Verkemidla i dette arbeidet er mellom anna mediekontakt, domstolsmagasinet Rett på sak og nettstadene domstol.no, domstoladministrasjonen.no og jordskifte.no. DA skal òg tale domstolane
si sak overfor dei politiske styresmaktene og forvaltninga.
DA har overordna ansvar for arkivrutinane til domstolane .
Økonomi og eigedom
Domstoladministrasjonen har ansvar for økonomistyring, optimal ressursfordeling
og effektiviseringstiltak i domstolane. DA legg premissar for budsjettprosessane i forhold til sentrale myndighetar og tildeler budsjettmidlar til kvar domstol. DA er sentral rekneskapsførar og har ansvar for eigedomsforvaltninga i domstolane.
Organisasjon og personal
DA har ansvar for personalpolitikk, organisasjons- og leiarutvikling, rekruttering,
arbeidsmiljø, avtaleverk og samarbeid med tenestemannsorganisasjonane.
DA har òg ansvar for kompetanseutvikling i samarbeid med domstolane, og skal gi
domstolane støtte og råd i omstillingsprosessar.
Kompetanse
DA har ansvar for lederutvikling i domstolane og for overordna kompetanseutvikling for alle tilsette.
Service
DA er serviceorganet til domstolane og har eit hovudansvaret for vidareutviklinga av service overfor domstolane og brukarane til domstolane. DA har ansvar for møteverksemda for råd og utval, for faste møte for domstolleiarar og dommarar, og for tilrettelegging av kursverksemd.
IKT
Domstoladministrasjonen har ansvar for IKT-løysingane til domstolane. DA skal fremje verksemdsutvikling gjennom effektiv bruk av IKT, mellom anna samordning med felles IKT-tiltak i justissektoren.
DA har hovudansvaret for informasjonssikring i domstolane.
Jordskifte
DA har ansvar for den overordna faglege utviklinga i jordskiftedomstolane. DA tek seg av overordna rettslege, jordskiftefaglege og kartfaglege spørsmål.
Sekretariatsfunksjonar:
DA har desse sekretariatsfunksjonane:
Innstillingsrådet for dommarar
Innstillingsrådet for dommarar gir innstilling om dommarutnemningar til
regjeringa. Dommarane blir utnemnde av Kongen i statsråd. Innstillingsrådet
behandlar òg konstitusjonar av dommarar og dommarfullmektigar.
DA er sekretariat for Innstillingsrådet.
Tilsynsutvalet for dommarar
Tilsynsutvalet for dommarar behandlar klager på dommarar og kan òg ta opp
saker på eige initiativ. DA er sekretariat for Tilsynsutvalet.
Sidegjeremålsregisteret
Sidegjeremålsregisteret er eit offentleg register over sidegjeremåla til dommarane, som styreverv og medlemskap i utval, nemnder og råd. Investeringar og siste
stilling før dommarstillinga skal òg registrerast. Nokre sidegjeremål krev
godkjenning.
Styret i Domstoladministrasjonen
DA er leidd av eit styre på ni medlemmer. To av dei er valde av Stortinget, medan dei andre er oppnemnde av Kongen i statsråd.
Engelsk namn
"National Court Administration" er det engelske namnet for DA.