Meny

Høgsteretts dom, 08.05.2012, HR-2012-00981-A, (sak nr. 2011/1933), sivil sak, anke over dom

Norsk Gjenvinning AS (advokat Borgar Høgetveit Berg) mot staten v/Finansdepartementet (advokat Ida Thue)

Dommarar: Tønder, Webster, Bergsjø, Noer, Tjomsland

Saka gjaldt krav om tilbakebetaling av etterberekna avgift på sluttbehandla avfall. Hovudspørsmålet var om avgiftskravet var forelda da det blei betalt.

 

Avgift på sluttbehandla avfall er ei særavgift som er regulert av særavgiftslova av 19. mai 1933 nr. 11 og særavgiftsforskrifta.

 

Etter eit bokettersyn hos Norsk Gjenvinning blei det 12. juni 2008 gjort vedtak om krav på etterberekna avgift på sluttbehandla avfall. Det blei lagt til grunn at berekningsgrunnlaget som var nytta ved dei månadlege meldingane og terminbetalingane, systematisk gav for låge avgiftsbeløp gjennom heile kontrollperioden, som var frå 1. oktober 2002 til 31. oktober 2005. Etterberekningskravet med tilleggsavgift og renter var på til saman 44 756 697 kroner. Beløpet blei betalt 7. juli 2008, med atterhald. Norsk Gjenvinning tok ut stemning, opphavleg med påstand om at vedtaket var ugyldig, seinare endra til eit tilbakebetalingskrav på beløpet. Etter avtale mellom partane skulle saka i denne omgangen avgrensast til spørsmål om avgiftskravet heilt eller delvis var forelda. Både tingretten og lagmannsretten frifann staten.

 

Høgsterett gav Norsk Gjenvinning delvis medhald. Det første spørsmålet var om forelding kunne gjerast gjeldande når kravet var innfridd. Høgsterett kom til at atterhaldet var slik å forstå at det også omfatta innvendinga mot foreldinga.

 

Hovudspørsmålet i saka var kva som var utgangspunktet for foreldingsfristen for etterberekningskravet – om fristen begynte å løpe frå tidspunktet for etterberekningsvedtaket eller frå dei månadlege terminforfalla. Spørsmålet måtte vurderast ut frå rettstilstanden både før og etter 1. januar 2008, som var tidspunktet da den nye skattebetalingslova tredde i kraft, sidan lova frå dette tidspunktet også omfatta særavgifter.

 

Høgsterett kom til at fristutgangspunktet for tida før 1. januar 2008 var forfallstidspunktet for den månadlege terminbetalinga, som var den 18. i månaden etter mottak av avfall. Dette innebar at avgiftsterminar til og med november 2004 var forelda og kunne krevjast tilbakebetalte, sidan også eittårsfristen i foreldingslova § 10 nr. 1 var ute før betalinga skjedde.

 

For terminar som ikkje var forelda 1. januar 2008, kom skattebetalingslova til bruk. Etter skattebetalingslova § 10-53 gjeld eit eige forfallstidspunkt for etterberekna avgift, knytt til vedtakstidspunktet. Dessutan inneheld skattebetalingslova § 12-1 andre ledd ein annan regel om fristutgangspunktet enn foreldingslova § 3, idet foreldingsfristen begynner å løpe frå utgangen av kalenderåret kravet forfell til betaling. Fleirtalet la til grunn at regelen i skattebetalingslova om fristutgangspunkt for forelding kom til bruk på den delen av etterberekningskravet som ikkje var forelda 1. januar 2008. Denne delen av kravet var ikkje forelda da betalinga skjedde, og kunne derfor ikkje krevjast tilbakebetalt.

 

Mindretalet (dommar Webster) fann at § 10-53 ikkje har betydning for når foreldingsfristen begynte for krav som oppstod og forfall i tilknyting til innleveringa av avfallet. Da betalinga skjedde, var derfor ein større del av etterberekningskravet enn det fleirtalet la til grunn, forelda og skulle betalast tilbake.

 

Ein samla Høgsterett fann at tilleggsavgifta måtte falle bort i takt med reduksjonen i etterberekningsavgifta, at renter på avgifta skulle bereknast frå forfallstidspunktet for dei terminane etterberekningsavgifta var knytt til, jf. skattebetalingslova § 11-2, og at renter på tilbakebetalingsbeløpet skulle bereknast i samsvar med skattebetalingslova § 10-60.   

 

Les avgjørelsen i sin helhet

Sida vart sist oppdatert: 11.06.2012, kl. 12:44