Noregs Høgsterett /  Om Høgsterett  / 

Om Høgsterett

I Grunnlova §88 heiter det at "Høiesteret dømmer i sidste Instans.
" Høgsterett er såleis den øvste domstolen i Noreg, og handsamar saker frå heile landet.

Saman med Stortinget og Regjeringa utgjer Høgsterett dei tre øvste statsorgana i Noreg. Gjennom Grunnlova er dei tildelt kvar si rolle i samfunnet, tredelinga mellom lovgjevande, utøvande og dømande makt. Med si dømande makt er Høgsterett heilt sjølvstendig i høve til dei andre statsorgana. Domstolane med Høgsterett i spissen kan blant anna prøva om vedtak i Regjeringa er i samsvar med lova, og om Stortingets lovgjeving er i samsvar med Grunnlova.

LøvestatueNoregs Høgsterett vart oppretta i 1815. Sidan den tid har talet på saker og talet på domarar i Høgsterett naturleg nok auka mykje. Høgsterett vert leia av ein justitiarius og har i tillegg 18 domarar.

I kvar einskild sak vert retten sett med fem domarar. Av omsyn til saksavviklinga arbeider Høgsterett i to parallelle avdelingar. I visse tilfelle vert ei sak handsama av Høgsterett samla, i plenum, med alle domarane til stades.

Høgsteretts kjæremålsutval vert rekna som ein eigen domstol og har tre domarar i kvar einskild sak. Domarane deltek etter ei skiftordning i begge avdelingar og i kjæremålsutvalet.

Høgsteretts administrasjon vert leia av ein direktør. I det juridiske sekretariatet arbeider det for tida 16 personar som har utgreiingsoppgåver, inkludert ein utgreiingsleiar. Sekretariatet tilrettelegg i sakene for kjæremålsutvalet, men har også andre oppgåver for domarane og direktøren. Til dei to avdelingane i Høgsterett er det knytt to protokollsekretærar, som også er juristar. Høgsterett har i tillegg 20 andre tilsette, med ein kontorsjef som leiar. Retten har også ein eigen informasjonsrådgjevar.

Høgsterett handsamar både sivile saker og straffesaker og har kompetanse på alle rettsområde.

Alle saker som kjem inn for Høgsterett, vert fyrst teken hand om av kjæremålsutvalet. I tillegg til å avgjera kjæremål er kjæremålsutvalet ein silingsinstans i ankesaker. Anke er eit rettsmiddel som normalt vert brukt overfor dommar som ein lågare domsstol har avsagt, mens kjæremål vert nytta overfor orskurd (kjennelser) og domsslutningar. Ingen anke kan fremjast til Høgsterett utan at kjæremålsutvalet samtykkjer.

Som den øvste domstolen i landet skal Høgsterett sørgja for ein lik rettspraksis, og gjer sitt til å avklara rettstilstanden der den kan vera uklår. Høgsterett har også eit ansvar for rettsutviklinga, innanfor den ramma som lovgjevinga set, der nye samfunnsproblem krev det. Saker som reiser prinsipielle spørsmål utover det konkrete saksforholdet, vil derfor tidt verta handsama.

Rettsforhandlingane i Høgsterett er så å seia alltid munnlege og skjer for opne dører. Men det vert ikkje ført av prov i form av parts- og vitneforklaringar slik som i by/heradsretten eller i langsmannsretten. Høgsterett reiser heller ikkje ut på synfaringar.

I kjæremålsutvalet er sakshandsaminga skriftleg, og avgjerslene vert trefte på grunnlag dokumenta i saka. Avgjersler i Høgsterett og Høgsteretts kjæremålsutval vert offentleggjorde i Norsk Retstidende og gjennom Lovdata Nye avgjersler vert også lagt ut på Internett.

Sida vart sist oppdatert: 02.03.2007, kl. 16:15