Noregs Høgsterett /  Om Høgsterett  /  Historikk  / 

Historikk

 

Noregs Høgsterett

Om Høgsterett

Høgsteretts hus 

Personalia

Historikk

Omvising

I 1815 fekk Noreg eigen Høgsterett. Fram til då hadde Høgsterett vore i den dansk-norske hovudstaden, København, rett nok med ein norsk høgsterettsjustitiarius frå 1799, Jakob Edvard Colbjørnsen. Bror hans tok over i 1802. Han het Christian Colbjørnsen og var justitiarius til 1814.

Alt i september 1814 vart Johan Randulf Bull utnemnd til justitiarius.
Etter dette førde Høgsterett i innpå hundre år eit omflakkande liv: Domarane hadde stort sett heimekontor og fekk kvar dag sendt posten heim med bod. Rettslokala på denne tida var kummerlege, og i 1844 tok ni av medlemmene i retten, assessorar, som domarane heitte på den tida, saka i eiga hand og skreiv til Kongen: "Salens kakkelovne ere dernæst anbragt saaledes at de Medlemmer af Retten, som sidde paa den Fløi, der er ved de mange og aldri ganske tætte Vinduer, lide af Træk og Kulde og det sidste i den Grad, at de hyppigt sidde med Galoscher, medens de som sidde på den modsatte side, beklage sig over Heden, der saaledes genererer de to Assessorer, som har Plads med Ryggen tæt foran den ene Kakkelovn, at de ere udsatte for Helbredstab."

I 1846 flytta Høgsterett inn i nye lokale som ei enkefru Bølling åtte, i Dronningens gate 18 B. Seinare overtok Jacob B. Brun denne eigedomen, og Høgsterett heldt til her fram til 1898. Då vart leigekontrakta sagt opp fordi gården skulle rivast.

Stortinget vedtok etter mykje om og men å kjøpa tomt til ny justisbygning i den forlenga Apotekergaten. Frå 1898 og fram til Justisbygningen stod ferdig i 1903, heldt Høgsterett hus i Palæet i Fred Olsens gate 6. Palæet hadde husa medlemmer av kongefamilien og var ein vakker bygning, som vart totalskadd i brann i 1942.

Sida vart sist oppdatert: 02.03.2007, kl. 16:15