Noregs Høgsterett /  Om Høgsterett  /  Høgsteretts hus / 

Høgsteretts hus

Høgsterett

Høgsteretts hus

Personalia

Historikk

Omvisning

 

Høgsteretts hus

Inngangsparti Noregs Høgsterett I 1895 løyvde Stortinget pengar til å førebu arbeidet med Justisbygningen. Bygget skulle husa alle tre rettsinstansane; byretten, lagmannsretten og Høgsterett. Ein arkitektkonkurranse vart utlyst, og i mars 1898 hadde det kome inn 23 forslag. Det vart delt ut tre premiar i konkurransen. Men eitt forslag kom inn noko etter fristen fordi det kom med båt frå Bergen. Det var forslaget frå arkitekt Hans Jakob Sparre, som var så godt at det vart valt framfor dei tre premierte forslaga.

Bygningen er såleis oppførd på grunnlag av arkitekt Sparres forslag. Hovudideen hans var å dele bygget inn ut frå ei horisontal funksjonsdeling av bygningen som svarar til dei tre rettsinstansane. Rettssalane låg i kvar sin etasje og hadde eit verdig og monumentalt preg over seg.

Sjølve tomta var svært lang og smal. Det baud på arkitektoniske utfordringar som Sparre løyste på ein særs elegant måte. Han la førsteinstans, byretten, i første etasje med fasade og inngang frå Grubbegata. Lagmannsretten plasserte Sparre i andre etasje. Der fekk lagmannsretten også den største rettsalen, som ein kunne kome til via ein stor vestibyle og ein elegant trappehall.

Høgsteretts rettssal låg i tredje etasje med elegant overlys og vindauge og inngang mot Akersgata.

Rettssal 2

Sida vart sist oppdatert: 02.03.2007, kl. 16:15