Meny

Høgsterett skal på eige initiativ informere allmenta og massemedia om nye avgjerder frå avdeling, storkammer og plenum.

Så snart partane er orienterte, blir avgjerdene med samandrag publiserte på nettsidene våre.

Avgjerdene blir i tillegg distribuerte via e-post til dei journalistane og redaksjonane som har bedt om det – og på Høgsteretts twitterkonto - meld deg på her: post@hoyesterett.no
Her informerer vi også om særleg viktige kommande saker, som plenumssaker, storkammersaker og andre saker som vi går ut frå har brei interesse.

På nettsidene publiserer vi også informasjon om ankar som blir viste til behandling, og ankar over dom som er nekta fremma.

I saker med stor merksemd i media avtaler vi ein prosedyre for fotografering og filming på førehand.

I tråd med ønsket om å vere opne vil retten der særlege forhold ikkje er til hinder for det, vidareføre praksisen med å tillate radio- og TV-overføring frå rettssakene.

Nettsidene våre er det sentrale elementet i kommunikasjonen vår.

I tillegg til avgjerdene blir det her publisert informasjon om dommarane, saksførebuinga og ankeforhandlinga, nøkkeltal frå saksbehandlinga og Høgsterett og Høgsteretts hus.

Behovet for rask og presis informasjon til media stiller særlege krav til informasjonsverksemda vår. Dei juridiske spørsmåla som skal opp til behandling, er ofte kompliserte, og nyheitsredaksjonane og journalistane kan ha behov for å få rettleiing om kva ei avgjerd inneber. Høgsterett vil gjere sitt for å komme dette behovet i møte.

Trådlause internettsoner er tilgjengelege for pressa i begge rettssalane med tilstøytande rom og i resepsjonen. Her finst også informasjon om dagens og kommande saker.

I januar kvart år blir pressa invitert til frukostmøte. Her deltek justitiarius og to av dommarane i tillegg til direktør, assisterande direktør, utgreiingsleiar og informasjonsrådgivar.

Justitiarius supplert av dommarane går igjennom nokre av dei viktigaste sakene frå året som er gått, og året som kjem. Formålet er å bidra til openheit og god dialog med redaksjonane og journalistane. Vi legg opp til eit uformelt møte med meiningsutveksling.

Journalistar frå heile landet kan delta, og vi tilbyr i tillegg omvising i Høgsteretts hus.

Dersom du har fleire spørsmål, kontakt gjerne pressekontakten vår.