Om Søre Sunnmøre tingrett
Søre Sunnmøre tingrett er ein av fire tingrettar i Møre og Romsdal, tingretten omfattar kommunane Herøy, Sande, Vanylven, Volda og Ørsta. Fram til 1968 hadde vi også Hareid og Ulstein kommune, dei vart då flytta til Nordre Sunnmøre sorenskrivarembete no Sunnmøre tingrett, lokalisert i Ålesund.
I rettskretsen er det ca 34.000 innbyggarar.
Embetet har fullfagkrets, det vil seie at vi i tillegg til å dømme også har enkelte forvaltningsoppgåver.
Embetet består av ein sorenskrivar som er domstolen sin leiar, 1 dommarfullmektig og 3 saksbehandlarar.
Sida vart sist oppdatert: 28.10.2011, kl. 10:13