Når eg skal i retten /  Sivile saker /  Rettsmekling / 

Rettsmekling

Kva er rettsmekling?
Rettsmekling er ein alternativ måte å løyse konfliktar ved domstolene på, som vanlegvis er enklare, raskare og billegare for partane. Dersom konflikten blir løyst under rettsmeklinga, unngår partane rettssak og dom. Rettsmekling kan berre brukast i sivile saker, ikkje i straffesaker.

Formålet med rettsmekling er at partane blir samde om ei løysning som alle kan leve med. Ein meklar, som vanlegvis er dommar, hjelper partane til å komme fram til semje. Meklaren forsøker å få innblikk i kva slags interesser og behov partane har, og vil prøve å skape ein dialog som fremmer forståing og semje.
 
Kva er fordelane med rettsmekling?
Når ei konflikt blir løyst gjennom mekling, blir ingen av partane "vinnar" eller "tapar". Hensikta er at begge partar skal kunne "vinne" på denne behandlingsforma.

Rettsmekling høver særlig godt som metode for konfliktløysing når partane skal fortsetje å ha kontakt etter at saka er avslutta. Det vil til dømes vere tilfelle for forretnings forbindelsar eller naboar, og i arbeids- eller husleigeforhold. Men rettsmekling kan vere eit godt alternativ i dei fleste andre typar konfliktar.

Rettsmekling er og raskare, enklare og vanlegvis langt rimelegare for partane enn ordinær domstolsbehandling.

Korleis går eg fram?
For å få tilbod om rettsmekling, må saksøkjar bringe konflikten inn for retten ved stevning på vanleg måte. Samtidig med at stevninga blir sendt til saksøkte med pålegg om tilsvar, vil begge partar få informasjon og tilbod om rettsmekling.

Korleis skjer rettsmekling?
Reglar om rettsmekling følgjer av tvisteloven kapittel 8 II. Dersom partane er representert med advokat, møtar både partane og advokatane i rettsmeklingaPartane møter til rettsmekling med advokatane sine, akkurat som i vanlege rettsmøte. Men under meklinga har advokatane ein meir tilbaketrekt rolle. Dei er der først og fremst som juridiske rådgivarar og ikkje for å prosedere saka.

Gjennom meklinga set dommaren partane sine faktiske interesser i fokus, meir enn dei reint juridiske argumenta.

Dette dømet viser tankegangen bak rettsmekling:
To søstrer kranglar om ein appelsin. Begge vil ha den. Resultatet blir at appelsinen blir delt i to, og at søstrene får ein halvpart kvar.
· Den eine søstera var tørst. Ho åt fruktkjøttet og kastet skallet.
· Den andre søstera skulle bake kake og trengte skallet. Hun kasta fruktkjøttet.
· Dersom krangelen var blitt løyst med fokus på søstrene sine faktiske interesser, ville begge ha fått dobbelt så mye.

Den dommaren som meklar, har og ein helt anna rolle enn under eit rettsmøte. For det første har dommaren ingen mynde til å avgjere saka. Bevisførsel vil derfor vanlegvis vere utelukka. Dommaren har på førehand lest dokumenta i saka. Han eller ho vil vere opptatt av å sjå framover, framfor å høyre detaljar om alt det som har skjedd mellom partane.


Kva skjer dersom meklinga mislykkast?
Rettsmekling lukkast i 70-80 prosent av sakene. Dersom det ikkje blir oppnådd forlik, blir saka overlate til ein annan dommar for vidare behandling. Meklarar har teieplikt, og den dommaren som overtar saka, vil derfor ikkje få vite kva som har kome fram under rettsmeklinga. Sjølv om saka ikkje blir løyst, vil meklinga ofte bidra til å forenkle den vidare behandlinga av saka.

Les i tvistelovas om rettsmekling.