Straffesaker i tingretten
Straffesaker i tingretten blir avgjort anten ved tilståingsdom eller i hovedforhandling. Under etterforskninga kan tingretten avseie dom, avseie orskurd i fengslingssaker og avgjere kva politiet kan foreta seg under etterforskinga.
Det skillast mellom einedommarsaker og meddomsrett i tingretten.
Einedommarsaker
Retten settast med éin dommar i tilfeller når spørsmål om bruk av tvangsmiddel under etterforskinga skal avgjerast. I tillegg kan ein straffesak avgjerast ved dom som einedommarsak i tilståelsessaker
Under etterforskninga kan det vere nødvendig for påtalemakta å gå til retten for å få fullmakt til å bruke ulike tvangsmidlar. Slike saker blir avgjort av ein dommar aleine.
Eit aktuelt tvangsmiddel er varetektsfengsling. Reglane for varetekt er strenge. For at den sikta skal bli varetektsfengsla, må det vere skjellig grunn til å mistanke personen for ei handling som kan medføre fengsel i meir enn seks månader. "Skjellig grunn" betyr at det må vere meir sannsynleg at den sikta har gjort det han eller ho blir skulda for for, enn at han eller ho ikkje har det.
I tillegg må minst ein av desse tre grunnene vere til stades:
· Fare for at han rømmer og ikkje møter til rettssaka.
· Fare for at han øydelegg bevis, truar vitne eller tilpassar forklaringa si til andre si forklaring.
· Sterk fare for repetere straffbare handlingar.
Varetekt kan ikkje bli brukt dersom dette vil stå i mishøve til det den sikta er mistenkt for. Derfor skal ikkje varetekt bli brukt i mindre alvorlege saker. Dommaren skal alltid vurdere om fengslinga representerer eit urimeleg inngrep for den sikta, og om andre tiltak enn fengsling kan bli brukt. Det er utvida tilgang til varetekt i saker der strafferamma er ti år eller meir og sikre bevis for at den sikta er skuldig.
Det er politiet som framstiller den sikta for dommaren. I fengslingsmøtet møter aktor, og den sikta skal alltid ha forsvarar til stades.
Andre tvangsmiddel under etterforskinga kan vere ransaking eller å ta beslag i gjenstandar. Politiet kan og ha behov for å gjennomgå post, telefonutskrifter eller kontrollere annan telekommunikasjon som ledd i etterforskinga. I visse tilfelle kan andre verkemiddel, som til dømes telefonavlytting, nyttast. Det skjer berre når tingretten godkjenner det.
I tillegg blir tilståingssaker handsama av ein dommar aleine. For å få ein tilståingsdom må den sikta tilstå utan atterhald, og prova i saka må underbygge tilståinga. Videre må strafferamma ikkje vere over ti år, og den sikta må gi sitt samtykke til at saka handsamast som ei tilståingssak. Dette er ein enkel måte å få avgjort saka på.
Meddomsrett
Ordinære straffesaker, der både skuld og straff skal blir avgjort, blir sett som meddomsrett. Då består retten av ein fagdommar og to meddommarar. Meddommarane blir trekt ut til kvar sak frå eit utval av personar som er oppnemnt av bystyret eller kommunestyret for fire år av gongen.
I saker om lovbrot der strafferamma er fengsel i meir enn seks år, kan retten setjast med to fagdommarar og tre meddommarar. Dette bli kalla forsterka rett. Ei vanleg straffesak startar med at påtalemakta tar ut tiltale. Saka blir deretter sendt til tingretten, som set av tid til rettsmøte.
Dersom den tiltala har krav på det, oppnemner retten ein forsvarar som blir betalt av det offentlege. Som regel vil den forsvararen den tiltala sjølv vel, bli oppnemnd. Uansett har ein tiltala alltid rett til å ha forsvarar til stade når ei sak skal handsamast, både ved avhøyr hos politiet og i domstolane.
Slik blir straffesaka behandla
Rettsmøtet der straffesaka blir handsama, blir kalla hovudførehaving. Den startar med at påtalemakta sin representant (aktor) får ordet til eit innleiingsforedrag. Aktor gir ei kort utgreiing for saka og dei prova som vil bli ført. Deretter kan forsvararen få ordet til korte merknader.
I ei sak med bistandsadvokat skal den fornærma forklara seg før tiltalte, j.f. § 289 a i straffeprosessloven.
Den tiltala gir så forklaring dersom han ynskjer det, men han har etter lova ingen plikt til dette. Dei aller fleste vel å forklare seg. Rettsformannen (fagdommaren) stiller normalt først spørsmål til den tiltala, deretter får aktor og forsvarar ordet. Vitne forklarar seg etter at den tiltala har gitt forklaring. Vitna må først gi ei forsikring om at dei vil snakke sant. Det kan og leggjast fram andre prov, til dømes dokument eller gjenstandar.
I prosedyren oppsummerar aktor og forsvarar saka, korleis dei meiner prova bør bli forstått, kva løysing rettsreglane gir, og kva utfall saka bør få. Aktor legg ned påstand om kva straff den tiltala bør bli gitt om han blir kjent skuldig. Dersom aktor meiner bevisa ikkje held til domfelling, har han eller ho plikt til å legge ned påstand om frifinning. Forsvararen vil på si side legge ned påstand om frifinning eller at den tiltala blir handsama på mildaste måte.
Aktor og forsvarar har høve til å få ordet ein siste gong, før rettsformannen avsluttar forhandlingane og saka blir tatt opp til doms.
I den etterfølgjande domskonferansen avgjer og grunngjev ein utfallet. På dette møtet er berre dommarene til stades, og diskusjonane er konfidensielle. Eit grunnleggande prinsipp er at all rimelig og fornuftig tvil skal kome den tiltala til gode. Det er altså ikkje nok at dommarane trur noko kan ha skjedd. Dommarane skal vere heilt overbevist for å finne den tiltala skuldig. Avgjerda blir treft ved vanleg fleirtal, og kvar stemme tel likt.
Dersom dommarane meiner den tiltala er skuldig må dei og ta stilling til kva straff den tiltala bør dømmast til. Like høve skal handsamast likt, og dommarene tar derfor omsyn til det straffenivået Høgsterett har lagt seg på i liknande saker. Straffa har som siktemål å hindre at den som blir dømd gjer nye lovbrot. Dette blir omtala som individualpreventive omsyn ved straffutmålinga. Straffa skal og virke avskrekkande på andre. Dette blir omtala som allmennpreventive omsyn.
Saka skal avgjerast på grunnlag av det dommarane får vite om saka i runder hovudførehavinga. Ein kan ikkje bygge på annan kunnskap om saka.
Fagdommaren skriv dommen, som må underskrivast av alle dommarane. Den blir deretter lest opp for den tiltala i eit rettsmøte same eller neste dag, eller forkynt på annan måte.
Anke
Den som ikkje aksepterer domsresultatet i ei straffesak som blir avgjort av tingretten, kan anke saka til lagmannsretten. Dette er ei ordning som skal gi den tiltala større rettsstryggleik. Anken skal sendast til påtalemakta eller til den tingretten som har tatt avgjerda. Påtalemakta kan anke til gunst eller ugunst for tiltalte.
Anken må framsetjast seinast to veker etter at dommen er forkynt. Orskurder og visse avgjerder som retten tar, og som ikkje er dommar, kan og leggjast fram for lagmannsretten.
Anken kan gjelde:
• Bevisdøminga under skuldspørsmålet
• Straffeutmålinga
• Saksbehandlinga
• Lovbruken
Ankesiling
Ikkje alle ankar blir tatt inn til ankebehandling i lagmannsretten. Reglane om når ein anke kan nektast fremma, framgår av § 321 i straffeprosesslova. Dersom påstanden frå påtalemakta berre har gått ut på å idømme bot, inndraging eller tap av førarkort, og retten ikkje har idømt annan straffereaksjon, kan ein i utgangspunktet ikkje fremma ein anke. Men lagmannsretten kan samtykkje i å behandle ei slik sak når saklege grunnar taler for det. I andre saker kan anken nektast fremma når lagmannsretten finn det klart at den ikkje vil føre fram. Anke frå påtalemakta som ikkje er til gunst for sikta, kan nektast fremma når retten finn at anken gjeld spørsmål av mindre betydning.
I saker om forhold som etter lova kan medføre fengsel i meir enn seks år, kan anken normalt ikkje nektast fremma.
Dersom anken handsamast
Dersom anken gjeld bedøminga av prov under skuldspørsmålet, tar retten stilling til om tiltalte har gjort det som han er tiltalt for eller ikkje. Då prøver retten alle sider av saka.
Dersom strafferamma er inntil seks års fengsel, er lagmannsretten samansett som meddomsrett. Det vil sei at tre fagdommarar og fire meddommarar utgjer retten. Meddommarane vert trekt tilfeldig frå eit utval, det same som for lagrettemedlemmer. Det skal vera to kvinner og to menn. Retten opptrer saman om alle avgjerder, og alle har lik stemme.
I saker der strafferamma er seks år eller meir, skal skuldspørsmålet som hovudregel avgjerast av lagretten (juryen). Lagretten består av ti personar og skal så vidt mogeleg setjast saman med fem kvinner og fem menn. For kvar sak vert medlemmene trekt frå utvalet av lagrettemedlemmer. Det vert alltid innkalla fjorten lagrettemedlemmer og to varamedlemmer.
Tiltalte og påtalemakta kan etter bestemte regler velje bort (skyte ut) inntil to lagrettemedlemmer kvar.
Dersom retten berre skal behandle straffutmålinga for forhold der strafferamma er fengsel inntil seks år, vert saka avgjort av tre fagdommarar, som regel etter munnleg forhandling. Ved behandling av straffutmålingsanker for brotsverk der strafferamma er seks års fengsel eller meir, vert lagmannsretten samansett med fire meddommarar og tre fagdommarar.
Dersom anken gjeld lovbruken eller saksbehandlinga (dvs. at lagmannsretten berre skal ta stilling til om tingretten har brukt lova riktig, eller har gjort feil i saksbehandlinga) vert retten sett med berre tre fagdommarar.
Lagmannsrettens avgjerd av skuldspørsmålet kan ikkje påankast. Ellers kan lagmannsrettens avgjerd ankast vidare til Høgsterett.
Om bevis, lov og strafferamme
Her finn du forklaring på nokre viktige prinsipp for rettsavgjerder i straffesaker. Det dreier seg om kravet om lov for å kunne døma og straffast, om domstolane si provvurdering og om strafferammer.
Les meir om bevis, lov, strafferamme.