Historikk, roller og oppgåver

Dei alminnelege domstolane i Noreg er Høgsterett, lagmannsrettane og tingrettane. Disse domstolane dømmer i både sivile sakar og straffesakar.
I tillegg finns enkelte domstolar med spesielt avgrensa kompetanse. Jordskiftedomstolane og Arbeidsretten er eksempler på slike særdomstolar.
Domstolane er ein del av det offentlege styringssystemet i ein rettsstat bygd på demokratiets grunnprinsippar. Domstolane betegnast ofte som den tredje statsmakt.

Høgsterett
Høgsterett er den øvste domstolen i landet og ankeinstans for dommar frå alle domstolar på lågare nivå. Det er berre ein Høgsterett, og domstolen held til i Oslo. Avgjerdene som blir tekne her, er etter Grunnlova endelege og kan ikkje ankast eller påklagast. To særskilde unntak gjeld saker som kan leggjast fram for Menneskerettsdomstolen i Strasbourg og FNs Menneskerettskomite i Geneve.

Tre av høgsterettsdommarane utgjer Høgsteretts ankeutval. Det blir rekna som ein eigen domstol, som må samtykke om at saka kan leggjast fram for Høgsterett (såkalla ankesiling). Utvalet kan og ta endeleg avgjerd i visse saker.

Lagmannsretten
Det er seks lagmannsrettar i Noreg. Dei dekkjer kvar sin geografisk avgrensa rettskrins, som blir kalla lagdømme. Dei seks lagmannsrettane er:

· Borgarting lagmannsrett i Oslo
· Eidsivating lagmannsrett i Hamar
· Agder lagmannsrett i Skien
· Gulating lagmannsrett i Bergen
· Frostating lagmannsrett i Trondheim
· Hålogaland lagmannsrett i Tromsø.
Lagmannsretten blir leidd av ein førstelagmann og har fleire lagdommarar.

Tingretten
Tingretten er den ordinære domstol i første instans. Kvar tingrett har sitt område. Det blir kalla domssokn og femner om ein eller fleire kommunar. I Oslo domssokn er oppgåvene delte mellom Oslo tingrett og Oslo byfogdembete.

Forliksrådene
Alle sivile saker skal som hovudregel starte i forliksrådet, som er lavaste ledd i rettssystemet. Forliksrådene er meklingsinstitusjonar med begrensa domsmyndighet i sivile saker. Eit krav om for eksempel betaling av gjeld kan fremmast for forliksrådet for å oppnå ei minneleg løsning eller få fastslått at kravet er rettsgyldig.
Alle kommuner har forliksråd. Forliksrådet består av tre lekfolk og like mange varamedlemmer, som velges blant kommunenes innbyggere for fire år om gangen


Powerpointpresentasjon av rettssystemet (bokmål)

Brosjyren "Domstolene og rettspleien i Norge"

Sjå også menypunktet om særdomstolar