Meny

Her er nokre medieoppslag som kan vere grunnlag for ein diskusjon om rettsaker og rettssamfunnet.

Under finst døme på tema frå domstolane som kan diskuterast i klasserommet for å auke forståinga av korleis det norske rettssystemet fungerer.

Høgsterett om straff for å ha forfalska vitnemål

Domfelte vart i tingretten dømt til fengsel på vilkår i 15 dagar og kr 7 500 i bot for å ha forfalska vitnemålet frå vidaregåande skule i samband med utbetaling av lån frå Statens Lånekasse for utdanning. I lagmannsretten vart straffa under dissens omgjort til fengsel utan vilkår i 15 dagar.

Høgsterett har no gjort om denne avgjerda.

Derfor var straffesaka mot Behring Breivik viktig

"Selv om en omfattende straffesak kan synes unødvendig og tidkrevende i forhold til det å få dømt og straffet gjerningsmannen fra 22. juli, er det viktig at den gjennomføres etter de vanlige prinsippene. Det er viktig at forbrytelsene blir etterforsket så langt det lar seg gjøre, at gjerningsmannen tiltales for alle lovbrudd og at det blir ført bevis for retten for samtlige. Bare dette kan vise at ingen blir fratatt det rettferdigheten krever, Selv ikke de som selv gjør det de kan for å stille seg utenfor den". Det skreiv professor Hans Petter Graver før 22. juli-saka starta i 2012.

http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/Derfor-er-straffesaken-mot-Behring-Breivik-viktig-6707111.html

Kvifor måtte Anders Behring Breivik få forklare seg i retten?

Heilt grunnleggjande i ein rettsstat er at ein tiltalt har rett til å forklare seg i retten. Det ville vere heilt urimeleg å dømme eit menneske utan av han fekk kome til orde overfor dei som skal avgjere lagnaden hans. Det skriv Tor Langbach i ein kommentar.
http://www.adressa.no/meninger/article1730185.ece (Lenkje til innlegg i Adresseavisen)

Gav tvungen avrusing til bror - dømt for å ta frå han fridomen

33-åringen heldt broren (35) innesperra og lenkja fast i over sju dagar. Diskuter om det er rett å gjere slikt, om det likevel skal vere straffbart og eventuell straff.
http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article3800392.ece (Lenkje til artikkel om saka i Aftenposten)

Straffene er strengare enn vi trur

Nordmenn undervurderer grovt straffene norske domstolar gjev. Likevel føreslår folk lågare straffer og mindre bruk av fengsel for underslag og heroinsmugling. Det rapporterer forskning.no
/DAtemplates/Article____24016.aspx?epslanguage=NO

Google fekk juridisk ansvar for videoar

Ein rettsinstans i Milano i Italia fann i førre veke tre Google-leiarar skuldige i å ha forbrote seg mot personvernet fordi dei ikkje fekk fjerna ein video frå nettstaden hurtig nok. Videoen, som vart publisert på Google video i 2006, viser ein gjeng med tenåringar som trakasserer, slår og spottar ein autistisk gut som har Downs syndrom. Tyranniseringa vart filma av tenåringsgjengen og lasta opp på Google video.
http://www.tv2nyhetene.no/utenriks/googlesjefer-doemt-til-fengselsstraff-i-italia-3148317.html

Blir straffa strengt fordi dei plyndrar, ikkje fordi dei er austeuropearar

Advokatar meiner at domstolane straffar austeuropearar hardare enn andre og at dei er imot den europeiske menneskerettskonvensjonen. Politiet i fleire politidistrikt og talspersonen for dommar-Noreg avviser at dei prøver å få dømt austeuropearar hardare fordi dei er frå Romania, Latvia eller andre austeuropeiske land.
http://www.dagbladet.no/2009/09/17/nyheter/innenriks/rettsikkerhet/kriminalitet/8167309/

Retten til privatliv og retten til pressefridom

Se og hør publiserte bilete frå eit bryllaupet til eit kjendispar, sjølv om desse ikkje ynskte det. Kven har retten på si side?
http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article2630782.ece

Menneskehandel i vår tid

Lagmann Hanne Sophie Greve er valt til å leie Europarådet si ekspertgruppe mot menneskehandel, GRETA (The Group of Experts on Action against Trafficking in Human Beings).
/DAtemplates/Article____21064.aspx?epslanguage=NO

Vil forby all klapsing av barn

Fleirtalet i Stortinget går inn for å forby klapsing av barn i Barnelova, og refsar dermed Høgsterett for dommen i 2005.
http://www.dagsavisen.no/innenriks/article332849.ece

Noregs dyraste tre

Etter fleire års krangel i rettssystemet og gjentekne ankar er det klart: Eika skal fellast, og parten som eig treet og er dømt til å felle det, må ut med over ein halv million i saksomkostnader.
http://www.aasavis.no/innenriks/article3184992.ece 

Medieomtale bør ikkje gje mildare straff

Massiv medieomtale bør ikkje føre til mildare straff. Det meiner både privatpersonar, advokatar og dommarar.
http://www.fremover.no/Innenriks/article3143556.ece 

Trur på nye og mjuke løysingar

Det er bra at rettsapparatet er opne for utradisjonelle, mjuke straffereaksjonar som portforbod og forbod mot å henge saman med «dårlege kameratar».
http://www.ta.no/nyheter/article2538199.ece 

Fritz Moen og justismord

Justismord kallar vi det når nokon blir uskuldig dømt. I august 2006 vart Fritz Moen frifunnen av Borgarting lagmannsrett. Det skjedde eit år etter at han døydde og i etterkant av at han sona 18 år i fengsel. Her er nokre aviskommentarar til denne saka.

Marsipanpølsesaka

Media har gjeve ei av dei mindre straffesakene i år store oppslag: marsipanpølsesaka. Heilt kort: ein mann vart meldt for å ha teke med seg ei marsipanpølse frå ein kiosk utan å betale. Mannen nekta, men politiet trudde han ikkje og han fekk eit førelegg på ei bot. Denne ville han ikkje vedta, og saken hamna i retten. Torsdag vart han domfelt. At domstolane behandlar slike pinglesaker har rimelegvis vakt oppsikt. Det verkar ikkje spesielt glupt å bruke ressursar på ei marsipanpølse med utsalspris 11 kroner. Og dette er ikkje den minste saka vi har hatt i Trondheim, - eg trur rekorden er naskeri av ein boks tunfisk til kr 9.90, skriv direktør ved Domstoladministrasjonen, Tor Langbach, i ein kronikk. Her forklarer han kvifor domstolane må behandle ikkje berre store saker som rettssaka etter NOKAS-ranet, men også saker i den absolutt motsette enden av skalaen."

Kronikk av tingrettsdommar Tor Langbach 

Kuttar straffa for grov narkokriminalitet

Medan straffenivået går opp i nesten alle kategoriar, går straffa ned for narkotikabrotsverk. - På tide, meiner Erling Pedersen i Fagrådet innanfor rusfeltet.
Høgsterett har ved fleire høve sagt rett ut at narkotikastraffa skal ned, seinast i 2004. I ei sak som galdt innehav og omsetning av totalt 8,2 kilo hasj, uttalte domstolen at det etter rettens syn var "grunn til å gjennomføre en varsom justering av det straffenivået for hasj som har vært gjeldende i praksis til nå".
http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article1209541.ece 

Debatt om forsvararrolla

Er det korrekt om ein advokat for å bidra til å tildekkje sanninga oppmodar klienten om ikkje å forklare seg for politi og domstol?
http://www.jus.no/?id=27080 

Rettsmekling

”Alle parter - med mulig unntak av advokatstanden - vil tjene på at de fleste sivile tvister blir løst gjennom mekling. Prøverordningen med rettsmekling har vært en suksess. Ett års erfaringer viser at 70 prosent av meklingsforsøkene endte i forlik.” Det skriv Bergens Tidende i ein leiar. http://www.bt.no/meninger/leder/article353561

Straffekutt for gjengangarar

Narkomisbrukarar som gong på gong utfører lovbrot, skal ikkje straffast så hardt som praksis har vore i Bergen. Det slår Høgsterett fast. - Verken samfunnet eller gjengangarane er tente med lange fengselsstraffer. Det meiner advokat Harald Stabell.

 

Innvandrarar kjem til kort juridisk

Ein norsk jurist seier at ein svensk rapport om korleis innvandrarar kjem til kort i rettsstaten, også gjeld for Noreg.
Rapporten viser at personar med innvandrarbakgrunn blir oftare melde, oftare tiltalte, oftare dømde, får strengare straff og blir dårlegare behandla i kriminalomsorga.
- Minoritetane reknar ikkje politiet og rettsvesenet som sine hjelparar, seier den norske forsvarsadvokaten Abid Q. Raja til Vårt Land.
http://www.bt.no/innenriks/article350264

Tingrettsdommar som bloggar

Ei rekkje diskusjonstema blir også tekne opp av tingrettsdommar Rune Lium i Dommerbloggen.