Meny

Korleis kan du bli involvert i ei rettssak? Mange av oss blir i løpet av livet involvert i ei rettssak, men det skjer ikkje ofte for oss som ikkje er juristar. Her er nokre av dei vanlegaste rollene vi kan få.

- Du er mistenkt for å ha gjort noko straffbart

Ingen kan dømmast til straff utan å ha gjort noko straffbart. Kva som er straffbart går fram av straffelova.Viss politiet meiner at handlinga berre skal straffast med ei bot, så skriv dei ut eit såkalla førelegg. Om du aksepterer dette er saka avgjort, viss ikkje går ho vidare til domstolane.

Dersom saka er meir alvorleg, er førelegg uaktuelt. Då sender politiet uansett saka over til domstolane. Viss den sikta tilstår overfor politiet, kan påtalemakta be om at saka skal avgjerast utan tiltalevedtak og hovudforhandling. Tingretten kan då avseie ein tilståingsdom. Tilståingsdom er ein av mange einedommersakar.

Om saka ikkje kan avgjerast ved førelegg eller tilståingsdom, blir det teke ut tiltale når saka er ferdig etterforska. Då blir saka sett i meddomsrett i domstolen.

- Du er ueinig med nokon

Det at to er ueinige om noko, for eksempel om økonomiske tilhøve, kan bli til ein sivil tvist. Ein part kan anten vere ein privatperson, eit firma, ein organisasjon, ein offentlig etat eller ei offentleg verksemd.

Saka byrjar med at to eller fleire partar er ueinige om noko, og ikkje klarer å løyse det på eiga hand. Det kan til dømes vere at A meiner B skuldar han pengar, at A synest naboen B har for høge tre, at A meiner huset han kjøpte av B har manglar, eller at A og B er separerte og er ueinige om korleis dei skal dele fellesformuen.

Ei sak mot ein privat part byrjar som regel i forliksrådet. Om partane ikkje blir einige der, om begge er representert med advokat, eller om det offentlege er ein av partane, går saka direkte til tingretten som skal avgjere den sivile tvisten.

- Du er ramma av ei straffbar handling

Er du ramma av ei straffbar handling, vert du etter juridiske termar betegna som fornærma. Du kan då bli innkalla som vitne, og i nokre samanhengar få oppnemnt bistandsadvokat.

Om du er vitne

Eit vitne er ein person som forklarer retten kva han har sett, høyrt, tenkt, følt eller meint om eit konkret forhold.

Om du er valt til meddommar eller lagrettemedlem

Det heiter at ein skal dømmast av sine jamlikar. Difor vel kommunane lekdommarar som gjer teneste som meddommarar eller lagrettemedlemer. Desse er i fleirtal i alle straffesaker som ikkje blir avgjort ved tilståingsdom.

Sida vart sist oppdatert: 03.11.2014, kl. 14:03