Meny

Når retten har behov for å få vite meir om eit fagleg spørsmål i ei sak, kan retten oppnemne ein eller fleire sakkunnige som har spesiell kompetanse på fagfeltet. Sakkunnige kan brukast både i straffesaker og sivile saker.

Den sakkunnige blir oppnemnt av domstolen og betalt av staten. For sakkunnige gjeld reglar om habilitet. Det er derfor viktig at den sakkunnige gjev melding til retten dersom det ligg føre omstende som er eigna til å trekkje habiliteten til personen i tvil. Partane i ei sak kan også engasjere eigne sakkunnige. Denne typen sakkunnige kallar vi partssakkunnige. For desse gjeld ingen habilitetskrav.

Rolle i rettssaka

Samstundes med oppnemninga utarbeider retten eit mandat. Dette oppgjev ramma for den sakkunnige sitt oppdrag i saka. Den sakkunnige vil som regel både gje ei skriftleg erklæring og forklare seg munnleg i retten. Den sakkunnige er underlagt teieplikt om erklæringa og svarer ikkje på spørsmål om denne unnateke under rettssaka.

Den sakkunnige har plikt til å møte til hovudforhandlinga og kan vere til stades under heile saka. Han eller ho kan også stille spørsmål til partane, vitna og andre sakkunnige. Den sakkunnige deltek ikkje når dommarane har rådslaginga si om utfallet i saka. Dommarane står heilt fritt i om dei vil følgje konklusjonane i erklæringa eller ikkje.

Kvalitetskontroll

For rettsmedisinsk sakkunnige og sakkunnige i barnevernssaker finst det kommisjonar som kvalitetssikrar innhaldet i erklæringane dei sakkunnige skal gje til retten.

Ei gruppe av dei rettsmedisinsk sakkunnige er rettspsykiaterane. Dette er psykologar eller psykiaterar som gjev erklæring om kor vidt den tiltalte er tilrekneleg eller ikkje. Les meir om straffereaksjonar.

Les mer om Den rettsmedisinske kommisjon og Barnesakkyndig kommisjon på www.justissekretariatene.no

Godtgjersle

Den sakkunnige har krav på godtgjersle for arbeidet sitt og krav på dekning av reiseutgifter og kostgodtgjersle.

Salærforskrifta (lenkje til lovdata.no)

Skjema for dekning av reiseutgifter, tapt arbeidsfortjeneste og godgjørelse (word)

 

Sida vart sist oppdatert: 04.11.2014, kl. 09:00