Meny

Eit vitne har sett, høyrt eller erfart noko av betyding for ei rettssak. Denne sida er for deg som skal vitne i ei straffesak eller ei sivil sak.

Informasjon i brosjyrar, app og filmar

Kvifor skal du vere vitne?

Domstolane treff avgjerder på bakgrunn av det som kjem fram i retten. Du blir innkalla til å vitne fordi ein meiner du har kjennskap til noko som kan vere viktig og derfor ha stor betydning for retten. Ved å vitne kan du bidra til at domstolen treffer ei riktig avgjerd. Domstolane tek avgjerder berre på bakgrunn av det som kjem fram i rettssaka. Derfor må vitne forklara seg for retten slik at dommarane får høyre vitneforklaringa, sjølv om ein tidlegare har forklart seg for politiet eller ein advokat.  

Du er innkalla til å vere vitne anten fordi ein av partane i saka ønskjer det, eller fordi retten sjølv har funne det nødvendig. Ei vitneforklaring kan vere avgjerande for  utfallet av ei sak, derfor har vitne plikt til å snakke sant. Ei falsk forklaring for retten kan straffast med fengsel.

Du har plikt til å møte fram

Først og fremst er det viktig at du møter opp til rett tid og stad slik innkallinga du har fått viser. Du har plikt til å møte som vitne uansett kor langt du må reise. Er reisevegen meir enn 800 km med rutegåande transport eller 125 km på anna måte kan retten frita deg for møteplikt. Det same gjeld for ein tilsvarande strekning, dels på den eine, dels på den andre måten. Slikt fritak blir gitt dersom frammøte vil medføre urimelege ulemper eller kostnader samanlikna med den betydninga du har for opplysning av saka.

Retten kan bestemme at du skal avhøyrast over telefon eller videokonferanse i staden for i domstolen. Du vil då bli pålagt å møte på ein bestemt stad, til dømes på eit politikammer, lensmannskontor eller ein annan domstol.
Les meir om videokonferanse i domstolane

Innkallinga gjeld inntil eit fritak er gitt

Du har plikt til å møte sjølv om det er forhold som gjer at du vil bli fritatt for vitneplikta. Du kan risikere erstatningsansvar for ekstra omkostnader dersom du ikkje møter. Retten kan og be politiet om å hente deg. Innkallinga gjeld inntil du eventuelt har fått klar beskjed frå retten om at du er blitt fritatt for å møte.

Sjukdom

Blir du sjuk eller det av andre grunner er umogeleg for deg å møte, må du underrette rettskontoret med ein gong. Dersom du meiner du har lovleg forfall på grunn av sjukdom, må du få ein legeattest og sende den til retten. Det er domstolen som avgjer om sjukdommen er eit lovleg forfall. Dersom du ikkje gir retten beskjed om forfallet så snart som mogeleg, risikerer du og bot og erstatningsansvar. Innkallinga gjeld inntil du har fått klar beskjed om at du ikkje treng å møte.

Eiga arbeidstid

Er du i arbeid, bør du straks opplyse arbeidsgivaren din om innkallinga. Då får arbeidsgjevar i god tid varsel om fråveret ditt. Dersom klokkeslettet du er innkalla til passer dårleg, vil det ofte vere mogeleg å få dette flytta noko, men det må du alltid kontakte rettskontoret om snarast mogeleg. Dersom du har mottatt vitnestevning frå politi eller advokat, kan du eventuelt kontakte de om dette.

Før du møter i domstolen

Før du møter i retten, kan du notere ned mest mogleg av det du hugsar om saka. Du kan godt ta med desse notata til retten. Vidare kan du førebu deg ved å lese notat, brev, dokument og liknande.  Du bør derimot ikkje snakke med andre om saka.

Oppmøte og ventetid

Når du møter fram ved rettslokalet, vil du som regel bli vist til eit venterom. Før vitna slepp til, skal retten få ei utgreiing frå advokatane (frå aktor i straffesaker) om kva saka gjeld og kva ein er usamde om. Deretter skal partane, eventuelt den som er tiltala, gi forklaringa si. Dette får vitna ikkje høyre på fordi dei skal gi si forklaring utan å vere påverka av det som er sagt tidligare.

Kor lang tid desse framleggingane og forklaringane tek, er det ikkje så lett å berekna på førehand. Derfor hender det at vitna må vente ei stund, men ein prøver å innkalle vitna slik at det blir minst mogleg venting. Dersom det er særlege forhold som gjer det vanskeleg å vente, må du ta dette opp med retten eller advokatane, helst på førehand.

Forsikring og forklaring

Inne i sjølve rettssalen, blir du først spurt om namn, fødselsdato, bustad og yrke. Deretter blir du spurt om du på nokon måte er i slekt med den som er tiltala, fornærma eller partane i saka. Andre forhold, som felles økonomiske interesser, må du også opplyse om. Det kan vere at du på grunn av stillingen din, slektsforhold eller liknande ikkje skal gi forklaring, eller at du har rett til å la vere. Dette vil retten gjere deg merksam på.

Du må gje forsikring før du forklarer deg. Først vil rettens formann be deg om å forklare den heile og fulle sanninga utan å leggje skjul på noko. Dette skal du gi forsikring om. Ståande seier du: ”Det forsikrar eg”.

Du blir så beden om å forklare i samanheng det du veit om saka. Dersom du ikkje heilt skjønar kva du skal forklare deg om, kan du godt be om at det blir stilt spørsmål. Når du har forklart det du hugsar, vil som regel aktor (i straffesaker) advokatane og deretter dommaren stille deg spørsmål. Dersom du er i tvil eller ikkje hugsar kva som gjekk føre seg, så sei frå om det. Du kan bruke skriftlege notatar om tal eller anna som støtte, men sjølve forklaringa skal vere munnleg.

Falsk forklaring er straffbart og kan føre til fengsel i inntil fem år.

Reisegodtgjering m.m.

I straffesaker har du krav på skyss- og diettgodtgjering, eventuelt med nattillegg, etter satsane i Statens reiseregulativ. Godtgjering for bruk av eigen bil blir berre godtatt i den utstrekning det er rimelegast for det offentlege, med mindre du må bruke eigen bil av særlege grunnar. Dei gjeldande satsane for reise og opphald samt skjema for reiseregning vil du kunne få ved vende deg til retten. Krav i samband med reisa må du gi til rettskontoret etter oppmøte eller senda snarast og seinast innan ein månad etter at reisa er avslutta. I sivile saker avtalar du dette med den parten som innkalla deg.

Skjema for reiseregning (word)

Dersom du har fleire spørsmål

Her har vi berre gjeve opplysningar om einskilde hovudreglar som vil vere aktuelle for dei fleste som blir innkalla som vitne. Dersom du har fleire spørsmål, kan du ta kontakt med den parten i saka som har ønska deg som vitne, eller med parten sin advokat. Du kan og ta kontakt direkte med retten. I samband med straffesaker kan du få hjelp og råd både hos politiet og lensmannen.

Vitnestøtte

For nokon kan det å bli innkalla som vitne i ei rettssak, skape uro og uvisse. Ein kan vere uroleg for kva som er forventa, kva ein skal seie og kva som elles vil skje. Mange domstolar har vitnestøtter, les meir på www.domstol.no/vitnestøtte

Sida vart sist oppdatert: 20.04.2017, kl. 12:36