Meny

Arbeidet i retten er alvorsfullt og krevjande og kan ha store konsekvensar for den som er part eller tiltalt. Retten sine avgjerder kan og ha betydning ut over den aktuelle saka. Det bør derfor vere ein høgtidleg og roleg stemning i retten under rettsmøtene.

Rettsformannen har som oppgåve å styre forhandlingane etter fastsette reglar, som dei profesjonelle aktørar er vel kjende med. Alle pliktar å følgje rettleiingane frå rettsformannen. Rettsformann kan bortvise personar som ikkje innrettar seg etter hans instruksjonar.

Enkelte tradisjonar er etablerte for å understreke respekt for retten og dommarens autoritet

· Fagdommarar og advokatar ber svart kappe. Andre aktørar har vanlege, fine kler. Ein part skal ikkje bere kappe, sjølv om han fører saka si sjølv (sjølvprosederande).
· Alle i rettssalen reiser seg når dommarane kjem inn. Det same gjeld når dommarane går ut av rettssalen for å ta pause eller når rettsmøtet blir avslutta.
· Det blir stilt generelle krav til høfleg framferd og talemåte i retten.

Forhandlingane i retten må ikkje forstyrrast:

· Møt fram i god tid. Før dommarane kjem inn i rettssalen skal alle øvrige aktørar og tilhøyrarar vere på plass.
· Mobiltelefonar og andre mogelege støykjelder skal vere avstengt.
· Det er ikkje tillate å snakke, drikke brus, ete (heller ikkje snacks) eller å lese avis.
· Det er vanlegvis lunsjpause ca. klokken 12.00. I tillegg blir det tatt korte pausar under forhandlingane.
· Unngå å gå inn eller ut av rettssalen utanom pausane. Dersom det likevel er nødvendig, så gjer det så stille som mogeleg.
· Føl elles instruksane frå rettsformannen og rettsbetjenten.

Sida vart sist oppdatert: 11.04.2014, kl. 11:03