Meny

Foreldretvistar er saker der foreldre tar ei konflikt om barnet til domstolene.  Foreldrene kan vere ueinige om foreldreansvaret, kven barnet skal bu fast hos og samvær med barnet. På denne sida kan du lese meir om korleis ei slik sak kan tas til retten.

Ei foreldretvist tar til med ei stevning

Foreldre kan vere usamde om:

  • foreldreansvar
  • kven barnet skal bu fast hos, og/eller
  • samvær

Då kan dei bringe saka inn for retten ved å bruke skjema for stevning (pdf). Den av foreldra som skal svare på ei stevning, kan fylle ut skjema for tilsvar (pdf). Rettleiing til utfyllinga finn du bakerst i kvart skjema.

Formålet med skjemaet er først og fremst å gjere det lettare for foreldre. Dei kan, utan advokat, bringe ei sak inn for domstolane ved søksmål, eller svare på eit søksmål. Det er imidlertid ikkje noko i vegen for at advokatar og kan bruke skjemaene.

Obligatorisk mekling

Før ein kan reise sak, må foreldra ha gjennomført mekling. Alle familievernkontor tilbyr mekling. Også enkelte prestar, advokatar, psykologar eller fagpersonar tilsette i offentleg helse- og sosialinstans eller Pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tjenesten) er godkjende meklarar.
Sjå oversikt over meklarar, både familievernkontor og andre, på Bufdir.no.

Hjelp til skjemautfylling?

Dersom du treng hjelp til utfylling av skjema, kan du vende deg til din lokale domstol eller den domstolen som skal behandle saka. Du kan også sjå på føresegnene i barnelova. Foreldreansvaret og kvar barnet skal bu fast, er regulert i kapittel 5 (Gå til barnelova kapittel 5 på lovdata.no). Samværsrett med meir er regulert i kapittel 6 (Gå til barnelova kapittel 6 på lovdata.no).

Filmer om ein foreldretvist

Film for barn

Kva skjer i domstolen når mamma og pappa krangler om meg? Mange barn har foreldre som ikkje bur saman. Då kan foreldra være ueinige om kvar barna skal bu eller kvar dei skal bu mest. Denne animasjonsfilmen gir informasjon til barn i ein slik situasjon.

Sjå film om behandlinga av ei sak etter barnelova

Sør-Trøndelag tingrett har laga ein film om behandlinga av ei sak etter barnelova ved å følgje ei fiktiv sak i retten. Du må likevel vere merksam på at avviklinga av ei sak etter barnelova kan leggjast opp litt ulikt frå domstol til domstol. 

  

Brosjyrer:

Sjå brosjyre til foreldre, advokatar og andre aktørar (frå Oslo tingrett).

Lettlest brosjyre barnesaker Forside

Lettlest brosjyre for foreldre om domstolens behandling av saker etter barneloven (PDF)

Forside Retningslinker for advokater

Retningslinjer for behandling av saker etter barneloven - for advokater og andre aktører (PDF)

Sida vart sist oppdatert: 20.01.2017, kl. 14:45