Meny

Ei sivil tvist som er brakt inn for retten kan bli løyst ved hjelp av rettsmekling. Det går ut på at partane kjem fram til ein avtale (kalt rettsforlik) ved hjelp av ein meklar. Da unngår partane ein rettssak med hovedforhandling og dom, og løyser konflikten på ein raskare, meir effektiv og billegare måte. På denne siden gis ei oversikt over korleis rettsmekling foregår.

Kva er rettsmekling?

Rettsmekling går ut på at partane sjølv finn ei løysing på konflikten ved å bruke ein mekler (som oftast ein dommar) til å komme fram til semje. Avtalen blir rettskraftig på lik linke med ein dom. Rettsmekling kan berre brukast i sivile saker, ikkje i straffesaker. Dersom konflikten blir løyst under rettsmeklinga, unngår partane rettssak og dom. Hvis partane ikkje blir einige går saka vidare til hovedforhandling (rettssak). Rettsmekling er regulert i tvisteloven § 8-3 (lenkje til lovdata.no).

Kva er fordelane med rettsmekling?

Formålet med rettsmekling er at partane blir samde om ei løysning som alle kan leve med. Meklaren forsøker å få innblikk i kva slags interesser og behov partane har, og vil prøve å skape ein dialog som fremmer forståing og semje.

Når ei konflikt blir løyst gjennom mekling, blir ingen av partane "vinnar" eller "tapar". Hensikta er at begge partar skal kunne "vinne" på denne behandlingsforma.

Rettsmekling høver særlig godt som metode for konfliktløysing når partane skal fortsetje å ha kontakt etter at saka er avslutta. Det vil til dømes vere tilfelle for forretnings forbindelsar eller naboar, og i arbeids- eller husleigeforhold. Men rettsmekling kan vere eit godt alternativ i dei fleste andre typar konfliktar.

Rettsmekling er og raskare, enklare og vanlegvis langt rimelegare for partane enn ordinær domstolsbehandling. Gjennom meklinga set dommaren partane sine faktiske interesser i fokus, meir enn dei reint juridiske argumenta. Dermed blir det også lettare å finne ei skreddersydd løysing. Det kan blant anna trekkkjast inn andre tema og konfliktar enn det saken gjeld. Det gjer at rettsmeklinga kan bidra til løysing av fleire tilhøve mellom partane enn det som i utgangspunktet vedkjem saka 

Rettsmeklinga skjer for lukka dører og utan rettsmøte. Partane unngår dermed den publisiteten som ei ordinær rettsbehandling kan føre med seg.

Korleis går eg fram?

For å få tilbod om rettsmekling, må saksøkjar bringe konflikten inn for retten ved stevning på vanleg måte. Samtidig med at stevninga blir sendt til saksøkte med pålegg om tilsvar, vil begge partar få informasjon og tilbod om rettsmekling. Det er som hovudregelen ein føresetnad at begge partane samtykker i å delta.

Korleis skjer rettsmekling?

Dersom partane er representert med advokat, møtar både partane og advokatane i rettsmeklinga. Partane møter til rettsmekling med advokatane sine, akkurat som i vanlege rettsmøte. Men under meklinga har advokatane ein meir tilbaketrekt rolle. Dei er der først og fremst som juridiske rådgivarar og ikkje for å prosedere saka.

Rettsmeklaren er som oftast ein dommar frå domstolen som har mottatt stevninga. Retten kan likevel i staden oppnemne ein mekler frå sitt utvalg av rettsmeklere utanfor domstolen. Med partane sitt samtykke kan retten også oppnemne ein annan meklar eller ein hjelpar for rettsmeklaren.

Den dommaren som meklar, har og ein helt anna rolle enn han/hun har under eit vanleg rettsmøte. For det første har dommaren ingen mynde til å avgjere saka. Bevisførsel vil derfor vanlegvis vere utelukka. Dommaren har på førehand lest dokumenta i saka. Han eller ho vil vere opptatt av å sjå framover, framfor å høyre detaljar om alt det som har skjedd mellom partane.

Dommaren bestemmer framgangsmåten for meklinga i samråd med partane.Vanlegvis samlast rettsmeklaren, partane og advokatene fyrst til eit felles møte. Her presenterer rettsmeklaren partane og opplegget for meklinga. I dette møtet holdes som oftast også ei innledning frå kvar av partane. Dette kan overlatast til advokaten.

Etter fellesmøtet kan rettsmeklaren halde særmøter med kvar av partane. Dei kan sjølv bestemme hvilke opplysningar frå særmøtane som kan bringast vidare til motparten.

Om partane blir einige, kan forliket inngå som eit rettsforlik. Dette har same verknad som ein dom i saka.

Kva skjer dersom meklinga mislykkast?

Rettsmekling lukkast i 70-80 prosent av sakene. Dersom det ikkje blir oppnådd forlik, blir saka overlate til ein annan dommar for hovudforhandling (vanleg rettssak). Meklarar har teieplikt, og den dommaren som overtar saka, vil derfor ikkje få vite kva som har kome fram under rettsmeklinga. Sjølv om saka ikkje blir løyst, vil meklinga ofte bidra til å forenkle den vidare behandlinga av saka gjennom ei enklare saksførebuing og at ein del av det partane er usamde om har blitt løyst.

Les i tvistelova om rettsmekling.

Sida vart sist oppdatert: 15.05.2015, kl. 09:34