Meny

Her er ei kort oversikt over andre som er til stades i retten. Desse kjem i tillegg til dei som har ei formell rolle i rettsforhandlinga.

Journalistar

Journalistar er ofte til stades under rettssaker og i mange rettssalar er det reservert eigne plassar for journalistar. Journalistane har fleire viktige oppgåver i forhold til domstolane. For det fyrste skal dei bidra til at folk får innsyn i det som skjer i rettssalen. Mange avgjerder som domstolane tek, kan ha verdi for andre enn partane i ei sak. For det andre har pressa ei kontrolloppgåve i forhold til det som skjer i domstolane. Journalistane er ei slags "vaktbikkje" for rettstryggleiken i eit demokratisk samfunn.

Tilhøyrarar/besøkande

Dei aller fleste rettssaker er opne for publikum, og dei fleste rettssalar har eigne tilhøyrarplassar. Tilhøyrarane kan vere journalistar, skuleklassar, pårørande, familie og vener av partane eller andre som har interesse av saka.

I nokre typar saker kan retten bestemme at dørene skal lukkast. Eitt døme er straffesaker der tiltalte er under 18 år. Eit anna døme er familiesaker og barnevernssaker. Då kan det ikkje vere tilhøyrarar i salen, med mindre dommaren tillèt det. Tilhøyrarane må vise respekt for retten og ikkje forstyrre forhandlingane.

Rettsbetjent

I enkelte saker, særleg større straffesaker, deltek ein rettsbetjent. Han vil som regel vere uniformert. Rettsbetjenten har som oppgåve å hjelpe retten og dei andre aktørane med praktiske gjeremål under rettsmøtet. Han vil blant anna ta hand om vitna, medrekna ta imot krav på godtgjersle, utgiftsdekning og så bortetter. Rettsbetjentane er ofte pensjonerte polititenestemenn.

Protokollførar

Protokollføraren fører rettsboka over forhandlingane i retten og kan elles utføre førefallande praktiske oppgåver under rettsmøtet. Ofte fører likevel leiaren av retten eller ein annan av fagdommarane rettsboka slik at det ikkje deltek nokon protokollfører.

Sida vart sist oppdatert: 26.02.2014, kl. 08:42