Meny

Bistandsadvokatane skal vareta rettane til fornærma og etterlatne i ei straffesak. Det gjeld både på etterforskingsstadiet og i rettsforhandlingane. Denne sida gjev informasjon om bistandsadvokatordninga.

Kven har krav på bistandsadvokat?

Både dei som har vore utsette for ei strafflagd handling (fornærma) og etterlatne kan ha krav på bistandsadvokat. Til dømes har fornærma i saker om visse typar seksuelle overgrep krav på bistandsadvokat, og etterlatne i saker der nokon under 18 år er død som følgje av strafflagd handling. Retten kan også oppnemne bistandsadvokat når særlege forhold tilseier at det er behov for det.

Bistandsadvokaten si rolle

Bistandsadvokaten skal vareta interessene til fornærma og etterlatne i samband med etterforsking og hovudforhandling i saka. Under hovudforhandlinga kan bistandsadvokaten på vegner av fornærma og etterlatne stille spørsmål til tiltalte, vitne og sakkunnige. Dette gjeld uavhengig av om det blir fremja krav om erstatning i saka.

Erstatningskrav

I saker der fornærma og etterlatne har krav på bistandsadvokat, blir eit eventuelt erstatningskrav fremja av bistandsadvokaten. Å ha bistandsadvokat er likevel ingen føresetnad for å fremje eit erstatningskrav. Skilnaden er berre at i andre saker må fornærma og etterlatne fremje eit eventuelt erstatningskrav for påtalemakta, som avgjer om kravet skal takast med.

Reglane rundt slike sivile krav som fornærma eller andre skadelidne har i samband med straffesaker er skildra i straffeprosesslova kapittel 29 (lenkje til lovdata.no).

Kva skjer i rettssaka?

I dei tilfella fornærma og etterlatne har krav på bistandsadvokat, skal fornærma forklare seg før tiltalte under hovudforhandlinga. For etterlatne som skal forklare seg, kan retten bestemme at dei skal forklare seg før tiltalte. Fornærma og etterlatne med bistandsadvokat har rett til å kommentere bevisførselen undervegs, og til å kome med ein sluttkommentar. Dette bør gjerast under rettleiing av bistandsadvokaten.

Lenkje til straffeprosesslova om rett til bistandsadvokat på Lovdata.no

Kver er bistandsadvokat?

Sjå oversikt over dei faste bistandsadvokatane ved domstolane (pdf)

Sida vart sist oppdatert: 17.12.2015, kl. 09:36