Meny

Ei etterforsking i ei straffesak startar ofte med at ein person får status som mistenkt i saka. Dette er likevel ikkje nokon formell status som gjev den mistenkte større rettar enn før han vart mistenkt.

 Ein person mistenkt for å ha gjort lovbrot kan få ein juridisk status som sikta på ulike tidspunkt under etterforskinga av ei straffesak (til dømes får alle som blir varetektsfengsla, status som sikta).

Det følgjer av straffeprosesslova § 82 at ein mistenkt får status som sikta når "påtalemyndigheten har erklært ham for siktet eller når forfølgning mot ham er innledet ved retten eller det er besluttet eller foretatt pågripelse, ransaking, beslag eller liknende forholdsregler rettet mot ham”.

Siktingar kan likevel fråfallast under etterforskinga slik at personen ikkje blir rekna som sikta ved avslutta etterforsking. Ein mistenkt får ikkje status som sikta ved at det blir gjennomført hemmelege etterforskingssteg som til dømes kommunikasjonskontroll mot vedkomande.

Frå sikta til tiltalt

Når etterforskinga av ei sak er ferdig, tek påtalemakta ut tiltale i dei tilfella der dei meiner den sikta skal dømmast for den handlinga han er sikta for. Personen får då status som tiltalt i saka.

Status som sikta og tiltalt gjev i mange tilfelle rett til forsvarar betalt av det offentlege. I tillegg har sikta og tiltalte større rett til innsyn i saksdokumenta.

Meir informasjon

Meir informasjon om rettane dine som tiltalt og sikta i ei straffesak finst på Justisdepartementet sin nettstad.

 

Sida vart sist oppdatert: 21.02.2014, kl. 15:06