Meny

Ein straffesak i tingretten, der både skuld og straff skal avgjerast, blir sette som meddomsrett. Retten består av éin fagdommar og to meddommarar. Denne sida gjev ei oversikt over korleis ei sak blir behandla i meddomsrett.

Meddommarane blir trekte ut til kvar sak frå eit utval av personar som er oppnemnde av bystyret eller kommunestyret for fire år i gongen.

I saker om brotsverk der strafferamma er fengsel i meir enn seks år, kan retten setjast som forsterka rett. I ein forsterka rett er det to fagdommarar og tre meddommarar.

Straffesaka startar med at påtalemakta tek ut tiltale og sender tiltalevedtak og bevisoppgåve til tingretten. Det er eit mål om å behandle sakene så raskt som råd, og retten skal innan to veker få fastsett tidspunktet for hovudforhandlinga. 

Sjå filmen "Retten er satt" om korleis ei meddomsrettssak går føre seg (speletid 16 minutt). Retten er satt - del I. Retten er satt - del II (youtube).

Dersom tiltalte har krav på det, nemner retten opp ein forsvarar som det offentlege betaler for. Som regel vil den forsvararen tiltalte sjølv vel, bli oppnemnt. Uansett har ein tiltalt alltid rett til å ha forsvarar til stades når ei sak skal behandlast, både ved avhør hjå politiet og i domstolane. Vel tiltalte ein forsvarar som er busett utanfor rettskrinsen domstolen ligg i, må tiltalte som hovudregel betale ekstrakostnadene forsvararen har til reise og opphald. 

Rettsmøtet der straffesaka blir behandla, kallar vi hovudforhandling.

Kva skjer i rettssaka (hovudforhandlinga)?

Vanleg saksgang:

  1. Retten blir sett (kontroll av habiliteten til dommarane og opplesing av tiltalevedtak)
  2. Innleiingsføredraget frå aktoren og dei innleiande merknadene frå forsvararen
  3. Forklaring frå tiltalte
  4. Forklaring frå fornærma og vitne (dersom fornærma har bistandsadvokat, kan fornærma forklare seg før tiltalte)
  5. Gjennomgang av realbevis (bilete, dokument, gjenstandar)
  6. Forklaring frå sakkunnige
  7. Sluttinnlegg av aktor, forsvarar og bistandsadvokat
  8. Eventuell sluttkommentar frå tiltalte

Retten blir sett

Saka startar med at dommarane (fagdommaren og meddommarane) kjem inn i rettssalen. Alle som er til stades i rettssalen må reise seg når dommaren kjem inn. Sjølve rettsmøtet startar idet fagdommaren seier - "Retten er sett."

Under hovudforhandlinga er det forbode med fotografering og lyd- og biletopptak. Dersom media er til stades, har dei lov til å filme fram til dommaren har sagt at retten er sett.

Fagdommaren startar med å presentere alle aktørane. Deretter avklarar dommaren om det er nokon som meiner at dommarane er inhabile.

Fagdommaren fører ei rettsbok der alt som blir gjort, skal skrivast inn. Tiltalte må opplyse fullt namn, adresse, stilling, sivil status og opplysningar om inntektsforhold.

Tiltalevedtaket blir lese opp anten av fagdommaren eller av aktor. Tiltalte blir spurt om han erkjenner straffeskuld for dei enkelte punkta i tiltalevedtaket.

Innleiingsføredrag frå aktor - innleiande merknader frå forsvarar

Representanten for påtalemakta (aktor) skal i innleiingsføredraget sitt kort gjere greie for saka og dei bevisa som vil bli førte. Aktor kan også alt i innleiingsføredraget leggje fram realbevis, det vil seie bilete, dokument eller gjenstandar.

Aktor er pålagt å gje ei objektiv framstilling.

Forsvarar kan etter innleiingsføredraget frå aktor gje nokre korte innleiande merknader.

Forklaring frå tiltalte

Tiltalte forklarer seg dersom han ynskjer det. Han har etter lova inga plikt til dette. Tiltalte blir beden om å snakke sant, men tiltalte er den einaste som ikkje kan straffast for å snakke usant i retten. Dei aller fleste tiltalte vel å forklare seg.

Leiaren av retten (fagdommaren) stiller normalt fyrst spørsmål til tiltalte. Deretter får aktor, forsvarar, bistandsadvokat, sakkunnig og meddommarane stille spørsmål til tiltalte.

I enkelte saker deler ein forklaringa frå tiltalte i to ved at han fyrst berre forklarer seg om skuldspørsmålet. Spørsmål om straffutmåling kan utsetjast til alle andre vitne om har forklart seg om skuldspørsmålet.

Forklaring frå fornærma og vitne

I saker der fornærma har bistandsadvokat, skal fornærma forklare seg før tiltalte, sjå straffeprosesslova § 289 a (lovdata.no).

Vitne forklarer seg etter at tiltalte har gjeve forklaring.

Vitnet må opplyse namn, fødselsdato, adresse og stilling. Vidare må dei forsikre om at dei vil snakke sant. Vitnet står når han eller ho gjev denne forsikringa. Dommaren spør vitnet: Forsikrar du at du vil forklare den reine og fulle sanninga og ikkje leggje skjul på noko? Vitnet skal svare: «Det forsikrar eg på ære og samvit».

Den av aktor eller forsvarar som har ført fram vitnet, startar med å stille spørsmål. Bistandsadvokat, dommarane og dei sakkunnige får også stille spørsmål til vitna. Tiltalte får ikkje sjølv lov til å stille spørsmål direkte til vitnet. Tiltalte må be forsvararen sin om å stille spørsmåla for seg.

 Les meir om rolla vitne har i retten.

Gjennomgang av andre bevis (bilete, dokument og gjenstandar)

Alle bevis som aktor og forsvarar meiner er relevante for rettsavgjerda, må leggjast fram og gåast gjennom under hovudforhandlinga. Bevis som bilete, dokument og gjenstandar kallar vi for realbevis.

Typiske realbevis er bilete frå åstaden, DNA-analysar, analyse frå Rettsmedisinsk institutt, loggutskrifter frå mobiltelefonar, politirapportar som skildrar ransaking og beslag og legeerklæringar som skildrar skadar på fornærma og tiltalte.  

Forklaring frå sakkunnige

I saker der det er tvil om tiltalte var tilrekneleg på gjerningstidspunktet, eller i saker der det er nødvendig med fagleg ekspertise for å gje ei fagleg vurdering av enkelte problemstillingar, bruker ein sakkunnige. Det vanlege er at dei sakkunnige blir oppnemnde i god tid før hovudforhandlinga, og at dei leverer ei skriftleg erklæring i framkant av hovudforhandlinga. I den skriftlege erklæringa er det vanleg at dei sakkunnige kjem med ein førebels konklusjon.

Dei sakkunnige er til stades under heile hovudforhandlinga, og dei kan stille spørsmål til tiltalte og vitna.

Dei sakkunnige forklarer seg etter at alle andre vitne har forklart seg og alle realbevis er lagde fram. Dei sakkunnige skal gjere greie for arbeidet sitt i framkant av hovudforhandlinga og gjere greie for kva premissar dei la til grunn for konklusjonane sine i den skriftlege erklæringa. Vidare skal dei sakkunnige forklare seg om bevisførselen under hovudforhandlinga har medført noka endring i kva premissar dei meiner må leggjast til grunn, og om dei opprettheld dei opphavlege konklusjonane sine frå den skriftlege erklæringa.

Sluttinnlegg frå aktor, forsvarar og bistandsadvokaten

Hovudforhandlinga blir avslutta med at aktor, forsvarar og bistandsadvokat kvar for seg summerer opp saka. Dei går gjennom korleis dei meiner ein bør forstå bevisa, kva for ei løysing rettsreglane gjev, og kva utfall saka bør få.

Aktor legg ned påstand om kva straff tiltalte bør gjevast om han blir kjend skuldig. Dersom aktor meiner bevisa ikkje held til domfelling, har ho eller han plikt til å leggje ned påstand om frifinning. Forsvararen vil på si side leggje ned påstand om frifinning eller at tiltalte blir behandla på mildaste måte 

Bistandsadvokaten vil i sluttinnlegget sitt særleg ha fokus på erstatningskravet frå fornærma.

Aktor, forsvarar og bistandsadvokat har høve til å få ordet ein siste gong, før leiaren av retten erklærer forhandlingane avslutta og saka teken opp til doms.

Eventuell sluttkommentar frå tiltalte

Tiltalte har rett til å få uttale seg etter kvart bevis som blir ført. I tillegg har tiltalte rett til å kome med ein sluttkommentar før retten blir heva.

Domskonferanse

I den etterfølgjande domskonferansen avgjer ein utfallet av saka og grunngjevinga for utfallet. På dette møtet er berre dommarane til stades, og diskusjonane er konfidensielle.

Beviskravet i straffesaker er at all rimeleg og fornuftig tvil skal kome tiltalte til gode. Det er altså ikkje nok at dommarane trur noko kan ha skjedd. Dommarane skal vere heilt overtydde for å finne tiltalte skuldig. Avgjerda blir teken med vanleg fleirtal, og kvar stemme tel likt.

Dersom dommarane meiner tiltalte er skuldig, må dei også ta stilling til kva straff tiltalte bør dømmast til. Like tilfelle skal behandlast likt, og dommarane tek derfor omsyn til det straffenivået Høgsterett har lagt seg på i liknande saker. Straffa har som siktemål å forhindre at den som blir domfelt, gjer nye brotsverk. Dette blir omtalt som individualpreventive omsyn ved straffutmålinga. Straffa skal også verke avskrekkande på andre. Dette blir omtalt som ålmennpreventive omsyn.
Den skuldige kan dømmast til ulike typar straffereaksjonar.
Les meir om dei vanlegaste straffereaksjonane

Saka skal avgjerast på grunnlag av det dommarane får vite om saka under hovudforhandlinga. Dei kan ikkje byggje på annan kunnskap om saka, til dømes det media har skrive om rettssaka.

Fagdommaren skriv dommen, som må underskrivast av alle dommarane. Han blir deretter lesen opp for tiltalte i eit rettsmøte same eller neste dag, eller forkynt på annan måte.

Avgjerder i lagmannsretten kan ankast til Høgsterett, men for å få saka behandla må Høgsterett samtykkje. Samtykke skal berre gjevast når anken gjeld spørsmål som har noko å seie utanfor den saka som ligg føre, eller det av andre grunnar er særleg viktig å få saka prøvd i Høgsterett, sjå straffeprosesslova § 323 (lenkje til lovdata.no)

Anke til Høgsterett kan ikkje gjelde feil ved bevisvurderinga under skuldspørsmålet, sjå straffeprosesslova § 306 (lovdata.no).

Sida vart sist oppdatert: 05.08.2016, kl. 14:25