Meny

Å avsi en tilståelsesdom er ein sterkt forenkla fremgangsmåte for å avgjere ei straffesak. Tilståelsesdom kan berre brukast når bestemte vilkår er oppfylt, blant annet må siktede gi ei tilståing utan atterhald og samtykkje i at saka blir behandla på denne måten.

Kva skjer i rettsmøtet?

Normalt blir sikta innkalla til rettsmøte kort tid etter at saka er oversendt frå politiet. Sikta får kopi av siktinga og straffeforslaget frå politiet.

Sikta har som regel ikkje krav på forsvarar på offentleg rekning. Forsvarar skal oppnemnast dersom politiet føreslår ei straff på meir enn 6 månader. Alle kan engasjere forsvarar på eiga rekning.

Tilståingssak blir behandla av ein juridisk dommar. I tillegg er det eit rettsvitne til stades.

Sikta må gje ei tilståing utan atterhald i rettsmøte. Det vil seie at sikta må forklare seg om dei strafflagde forholda. Politiet har i sitt krav sett fram eit straffeforslag som sikta også skal få lov til å kommentere.

I alle tilståingssaker skal sikta få strafferabatt som følgje av tilståinga si,  sjå straffelova § 59. Behandling som tilståingssak er såleis gunstig både for sikta, politiet og retten.

Det er normalt ingen vitne i tilståingssaker. Fornærma med bistandsadvokat blir varsla om rettsmøtet. Andre fornærma blir ikkje varsla.

Eventuelle erstatningskrav

Erstatningskrav frå fornærma kan også behandlast i same sak. Dersom fornærma ynskjer å forklare seg om erstatningskravet, må fornærma eller bistandsadvokaten varsle retten.

Dom

Dommen blir vanlegvis kunngjord i det same rettsmøtet.

Sida vart sist oppdatert: 24.02.2014, kl. 12:54