Meny
18.01.2002, 2001/1310, straffesak, anke
Straffeprosessloven § 222 a
A (advokat Erling O. Lyngtveit) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Petter Sødal)
Aarbakke, Tjomsland, Stabel, Flock og Gjølstad

A var dømd for plagsam åtferd mot ein tidlegare kjæraste og for brot på forbod mot å vitje henne. Den plagsame åtferda, som også femna om trugsmål og skadeverk, pågjekk i tidsrommet 1996 til mai 2001.

A er i tidlegare dommar dømd for ein del av desse forholda, seinast ved ein dom i juni 2000 på fengselsstraff på vilkår i 60 dagar. Den krenkte hadde i 2000 flytta til ein annan stad, der ho busette seg og fekk nytt arbeid. Domfelte fann ho på den nye staden og heldt fram med den plagsame åtferda mot henne der. Lagmannsretten la, som heradsretten, til grunn at det dreidde seg om langvarig psykisk trakassering og terrorisering av den krenkte. Høgsterett forkasta anken over straffutmålinga, og fastsette ei straff av fengsel utan vilkår i 11 månader, som var den strengaste fengselsstraffa avgjerda om strafferamme tillet i dette tilfellet. I straffa inngjekk straffa på vilkår på 60 dagar etter dommen av juni 2000. - Ein dommar røysta - på bakgrunn av dei strafferammene som har vore nytta - for ei straff av fengsel utan vilkår i 8 månader.

Siden ble sist oppdatert: 02.03.2007, kl. 16:15