Meny

Høgsteretts dom 04.06.2008, HR-2008-00980-A, (sak nr. 2008/135), sivil sak, anke
Skattelova § 6-1 Åge Korsvold (advokat Rasmus Asbjørnsen) mot staten v/Skatt øst (Regjeringsadvokaten v/advokat Arve Martin Bjørnvik)

Dommarane: Tjomsland, Endresen, Stabel, Lund, Schei

Åge Korsvold kravde ved likninga for 2001 frådrag for kostnader til advokat og andre rådgivarar i samband med at Kredittilsynet påstod han hadde brote reglane om eigenhandel i verdipapirhandellova, noko som førte til at han måtte gå frå stillinga som administrerande direktør i Storebrand. Ved likninga fekk han – med unntak av omkostningane til advokatbistand i samband med sluttavtalen med Storebrand – ikkje medhald i kravet sitt.

Høgsterett kom – i motsetning til dei tidlegare instansane – til at Korsvold hadde krav på frådrag for kostnadene til rådgivarar. Det blei vist til at dei toppstillingane i næringslivet som Korsvold naturleg ville sikte mot, er stillingar som stiller heilt spesielle krav til den som skal tilsetjast. Det var på denne bakgrunnen nødvendig for Korsvold å engasjere sakkyndig bistand for å avsanne påstanden om brot på verdipapirhandellova.

Ei innvending frå staten om at frådrag måtte nektast fordi Korsvolds siktemål med kostnadene ikkje var å oppnå konkretiserte eller identifiserte arbeidsforhold, førte ikkje fram. Det kunne i eit tilfelle som det føreliggjande ikkje stillast noko slikt krav om konkretisering. Heller ikkje ei innvending om at hovudformålet med kostnadene ikkje var å sikre Korsvolds framtidige inntektsevne, men at han skulle bli reinvaska for skuldingane om brot på verdipapirhandellova, førte fram. Høgsterett kom fram til at ein hovudformålssynsmåte ville vere mindre treffande i eit tilfelle som det føreliggjande, der det var overlappande formål og ”eit nært og påtakeleg samband” mellom kostnadene og inntektene.

Les avgjørelsen i sin helhet

Siden ble sist oppdatert: 21.03.2011, kl. 13:46