Meny

Høgsteretts dom, 08.05.2012, HR-2012-00976-A, (sak nr. 2011/1774), sivil sak, anke over dom

Skagen AS (advokat Finn Eide) mot staten v/Skatt vest (advokat Ola Ø. Nisja)

Dommarar: Matheson, Bergsjø, Falkanger, Tønder, Utgård

Saka gjaldt gyldigheita av eit likningsvedtak. Spørsmålet var om kostnader til å oppfylle profileringsavtalar med allmennyttige organisasjonar – såkalla sosiosponsing – var dregne på for å sikre skattepliktig inntekt etter skattelova § 6-1 og derfor gav frådragsrett ved likninga.

 

I avtalane og ved faktureringa var sponsorbeløpet delt i to. Brorparten var kalla prosjektstøtte/prosjektbidrag, medan ein mindre del var kalla sponsoravgift / marknadsførings- og eksponeringsrettar. Denne mindre delen var i avtalane definert som meirverdiavgiftspliktig og avgiftsberekna ved faktureringa. Ved likninga gav skattekontoret frådragsrett for kostnadene til marknadsføringsrettane, men ikkje for prosjektbidraget. Selskapet var ikkje einig i at frådragsretten kunne avgrensast slik.

 

Høgsterett tok ved vurderinga etter skattelova § 6-1, om tilstrekkeleg nær tilknyting mellom kostnad til prosjektbidrag og sikring av inntekt, utgangspunkt i skattytaren sitt formål med kostnaden. Formålet, som skal avgjerast ut frå objektive kjensgjerningar, er eit relevant moment ved vurderinga, jf. Rt. 2009 side 1473 (Samdal).

 

Høgsterett kom samrøystes til at tilknytingskravet etter § 6-1 ikkje var oppfylt, ettersom formålet med prosjektbidraget hadde vore å overføre midlar til organisasjonane utan å få noka motyting – altså ein gåvedisposisjon. Organisasjonane skulle ikkje prestere noko i tilknyting til prosjektbidraget som kunne gi selskapet grunnlag for inntekt. Tilknytinga mellom dette bidraget og ei eventuell inntekt av den assosiasjonsverdien sponsoratet kunne ha for Skagen, blei sett på som for laus til at det kunne gi grunnlag for frådragsrett, sjå også Rt. 2008 side 794 avsnitt 47. Høgsterett vurderte skjønnet skattekontoret hadde utøvd på dette punktet, som fullt forsvarleg, jf. Rt. 2010 side 527 avsnitt 47.

Les avgjørelsen i sin helhet

Siden ble sist oppdatert: 11.06.2012, kl. 12:51