Meny

Høgsteretts orskurd, 26.06.2012, HR-2012-01312-A, (sak nr. 2012/398), sivil sak, anke over orskurd

Flexiped AS (advokat Lars Berntsen) mot Brødrene Fossum AS (advokat Harald Hjort)

Høgsterettsorskurd, 26.06.2012, HR-2012-01312-A, (sak nr. 2012/398), sivil sak, anke over orskurd

Flexiped AS (advokat Lars Berntsen) mot Brødrene Fossum AS (advokat Harald Hjort)

Dommarar: Matheson, Bull, Normann, Endresen, Øie

Saka gjaldt spørsmål om det er gitt dommarforsikring etter domstollova § 60, og om ei eventuell manglande forsikring er ein absolutt opphevingsgrunn etter tvistelova § 29-21 bokstav b om "at retten ikke var lovlig sammensatt".

Ut frå ei konkret vurdering kom Høgsterett til at det låg føre sannsynsovervekt for at den aktuelle lagdommaren hadde gitt dommarforsikring.

Høgsterett slo fast at manglande dommarforsikring under alle omstende ikkje kunne vere ein absolutt opphevingsgrunn etter tvistelova § 29-21 andre ledd bokstav b eller den tilsvarande føresegna i straffeprosesslova § 343 andre ledd nr. 3. Ein eldre orskurd om dette gjaldt manglande forsikring frå ein meddommar, ikkje frå ein fagdommar, og avgjorde derfor ikkje spørsmålet. Høgsterett hadde dessutan teke avstand frå avgjerda seinare.

Det blei peikt på at dommarforsikringa er ein nedarva rettstradisjon frå historisk tid, men at formålet ikkje er det same i dag som tidlegare. Det er erfarne og kvalifiserte juristar som blir utnemnde til dommarar, og dei er gjennom utdanning og arbeid vel kjende med og har internalisert dei lovfesta pliktene og prinsippa som gjeld for dommargjerninga. Dommarforsikringa gir ikkje – verken når det gjeld form eller innhald – noko ekstra bidrag til at desse pliktene blir overhaldne, og er derfor ikkje eigna til å påverke dommaråtferda. Høgsterett kunne ikkje sjå at rettstryggleiksgarantien blir trødd for nær om manglande dommarforsikring ikkje får verknad som absolutt opphevingsgrunn. Anken blei derfor samrøystes forkasta.

Les avgjørelsen i sin helhet