Meny

Høgsteretts dom, 08.05.2012, HR-2012-00974-A, (sak nr. 2011/2126), straffesak, anke over dom

A (advokat Marius O. Dietrichson) mot Den offentlige påtalemyndighet (førstestatsadvokat Lasse Qvigstad)

Dommarar: Tønder, Bergsjø, Falkanger, Øie, Utgård

 

Etter at retten hadde sett den frifinnande lagretteorskurden til side, kom saka opp på ny med andre lagdommarar frå same lagmannsrett. Spørsmålet i saka var om desse nye dommarane var inhabile fordi dei var dommarar ved den same lagmannsretten som dei dommarane som hadde behandla saka første gong.

 

A var tiltalt for mellom anna tre drapsforsøk. Etter at lagretten svarte nei på skuldspørsmålet for alle tre tilfella, sette dei tre fagdommarane orskurden til side. Ny ankeforhandling blei halden som meddomsrett med fire meddommarar som ikkje deltok som lagrettemedlemmer ved den første behandlinga, og nye fagdommarar, jf. straffeprosesslova § 376 a første ledd.

 

Ved andre gongs behandling blei A dømd i samsvar med tiltalen til ei straff av fengsel i ni år. A anka til Høgsterett mellom anna på grunnlag av at dommarane var inhabile sidan dei kom frå den same lagmannsretten som behandla saka i første omgang.

 

Anken blei forkasta. Høgsterett viste til at det er ordninga i lova at retten ved den nye behandlinga skal setjast med dommarar frå den same lagmannsretten som den som sette orskurden i lagretten til side. Ordninga byggjer på den føresetnaden at ho ikkje er i strid med domstollova § 108. Rt. 2011 side 1133, som den domfelte viste til, gjaldt spørsmålet om lagmannsretten hadde vore lovleg sett saman i eit tilfelle der ein konstituert dommar hadde delteke i ankeforhandlinga av ein dom gitt av den tingretten vedkommande var fast dommar i. Det blei vist til at saka som var til behandling, ikkje gjaldt overprøving av ein overordna domstol, men ny behandling med andre dommarar innanfor same domstol. Dommen gjaldt såleis eit anna spørsmål enn det som var til behandling. Ordninga blei heller ikkje vurdert å vere i strid med EMK artikkel 6.

 

Les avgjørelsen i sin helhet

Siden ble sist oppdatert: 11.06.2012, kl. 12:52