Høgsterett er landets øvste domstol og har som hovudoppgåve å arbeide for rettseining, rettsavklaring og rettsutvikling. Høgsterett har ei juridisk utgreiingseining som først og fremst arbeider for Høgsteretts ankeutval. Utgreiingseininga har saker frå dei fleste rettsområde innan privatrett, offentleg rett og strafferett. Ved anke over dom tek utgreiinga sikte på å avklare om saka reiser prinsipielle spørsmål som bør behandlast av Høgsterett. Anke over orskurd og vedtak vert utgreia med sikte på endeleg avgjerd i saka. I alle saker vert både prosessuelle og materielle spørsmål utgreia. Eininga har også oppdrag for justitiarius, dommarane og direktøren. Utgreiingseininga har 17 juristar medrekna leiar og nestleiar.
I den juridiske utgreiingseininga er det ledig 1-2 vikariat som utgreiar (utreder) i eitt år, med mogeleg seinare tilsetting i åremål på seks år.
Arbeidet i utgreiingseininga byr på varierte og spanande utfordringar for dyktige juristar i eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø. Bredda i sakstilfanget, det nære samarbeidet med dommarane og høgt fagleg nivå gjer arbeidet i utgreiingseininga svært lærerikt og interessant. Arbeidet gir brei juridisk erfaring.
Ein vil leggje stor vekt på svært gode juridiske kvalifikasjonar, blant anna eksamensresultat, på evne til å arbeide grundig og effektivt og på evne til samarbeid. Gode språkkunnskapar er ein fordel. Nyutdanna juristar kan også søkje.
Praksis som utgreiar i meir enn to år er godkjend som praksis til advokatløyve.
Stillinga som utgreiar er plassert frå lønnssteg 50 til 75 (rådgjevar/seniorrådgjevar), alt etter kvalifikasjonar. Arbeidstida følgjer normalarbeidstida i staten.
Det er eit personalpolitisk mål at medarbeidarane skal spegla av folkesetnadsmønsteret generelt – også med omsyn til kjønn og kulturelt mangfald.
Ein gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Fungerande utgreiingsleiar Øistein Aamodt og fungerande nestleiar Birthe Aspehaug Buset kan gi nærare opplysningar om stillinga på telefon 22 03 59 00.
Søknadsfristen er 20. oktober 2011.
Send søknad elektronisk via http://www.jobbnorge.no/job.aspx?jobid=77625
Siden ble sist oppdatert: 23.09.2011, kl. 13:38