Meny

Høgsterett søker etter ein dyktig medarbeidar til stillinga som

sekretær i administrativ eining (to år) 

Det er ledig eit toårig vikariat i administrativ eining som sekretær for direktøren og assisterande direktør i Høgsterett. Forlenging av vikariatet kan bli aktuelt. Sekretæren jobbar tett med leiinga i Høgsterett, og arbeidet består i administrativ saksbehandling. Arbeidsoppgåvene er varierte og er knytte til korrespondanse, arkivering, reisebestillingar m.m. Sekretæren legg òg til rette for diverse arrangement. 

Det er eit tett samarbeid mellom administrativ eining og saksbehandlingseininga i Høgsterett. Tilsette i saksbehandlingseininga bistår dommarane og utgreiarane med saksbehandling i samband med ankesakene og utfører i tillegg alminneleg ekspedisjonsarbeid.

Den som blir tilsett, må rekne med å utføre oppgåver knytte til begge desse einingane og også til digitaliseringsprosessen som Høgsterett no er inne i. 

Stillinga blir lønt som førstekonsulent (kode 1408) i lønnsspennet 408 700–498 000 kroner eller som rådgivar (kode 1434) i lønnsspennet 408 700–535 900 kroner, avhengig av kvalifikasjonar. Frå bruttolønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Arbeidstida følger normalarbeidstida i staten. Prøvetida er 6 månader. Snarleg tiltreding. 

Kvalifikasjonar:

Vi søker etter ein person med

  • svært gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • svært gode engelskkunnskapar
  • svært gode brukarkunnskapar i data
  • svært gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og strukturert
  • stor fleksibilitet når det gjeld nye arbeidsoppgåver, og god evne til endring
  • utdanning på bachelornivå eller tilsvarande
  • relevant arbeidserfaring (det vil bli lagt vekt på erfaring frå domstolane) 

Vi tilbyr:

  • fleksibel arbeidstidsordning
  • eit fagmiljø prega av trivsel og læring
  • gunstig pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse 

Det er eit mål at arbeidsstaben skal spegle befolkningssamansetninga generelt, også når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. 

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd. 

Spørsmål om stillinga kan rettast til assisterande direktør Elin Holmedal på telefon 22 03 59 40. 

Generell informasjon om Høgsterett finn du på www.hoyesterett.no

Søknadsfristen er 30. mai 2017. 

Send søknaden elektronisk via www.jobbnorge.no