Fjordane tingrett /  Vigsel / 

Vigsel

Vigsel blir inngått i tingretten sitt seremonirom måndag til fredag frå kl. 0800 til kl. 1500. Frå 2012 har vi ikkje lenger moglegheit til å tilby vigsel på laurdagar.

Fjordane tingrett krev original prøvingsattest frå folkeregisteret i hende for tinging av tid for vigsel/partnerskap. Paret får med seg mellombels vigsel/partnerskapsattest etter seremonien. Original attest vert seinare sendt frå folkeregisteret.

Seremonien varer vanlegvis 10 minutt. Vi har ein seremonitekst som vi les, men det er også høve til å komme med ynskje om lesing av dikt, spele musikk og liknande. Vi tek sikte på å gjere seremonien slik paret ynskjer så langt det let seg gjere.

Det må vere to vitne til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarane, men einaste krav er at det er to myndige personar.

Det er høve til å fotografere/filme under heile seremonien.

For meir informasjon kan de ta kontakt med tingretten ved Inger Huus.


Siden ble sist oppdatert: 14.02.2012, kl. 12:21