Jordskiftedomstolene / 

Domstolar under same tak

LEIKANGER: Sogn tingrett og Indre Sogn jordskifterett kan bli samlokaliserte i Sogndal i løpet av året. Det inneber at jordskiftekontoret flytter frå Leikanger til
Sogndal.

SOGN AVIS, måndag 18.januar 2010, Terje Eggum

– Me er positive til ei slik flytting, seier jordskifterettsleiar Hans Ruud, som ser fordelar ved å vera lokalisert til Sogndal.
Etaten har hatt tilhald i Statens hus i Leikanger sidan 1991, men leigekontrakten
går ut inneverande år, det høver såleis godt å vurdera flytting no.

Teiknar romløysing
I Sogndal er også Sogn tingrett inne i ein flytteprosess.
Domstolen skal over i nye lokale, frå Åbergebygget til Posthuset, som no er overteke av Amfi, sentereigaren. Den nye utleigaren er i full gang med å leggja til rette for det utvida rettsfaglege miljøet. Sorenskrivar Harald Hjermann stadfestar at ein arkitekt er i gang med å teikna ut ei romløysing. Han understrekar at avtala med Amfi ikkje er underteikna enno, alt tyder likevel på at det skjer ei flytting.

Overlappande
Harald Hjermann peiker på fordelen med å ha samlokalisering med jordskifteretten.
– Mange saker kan like godt førast for jordskifteretten som for tingretten, seier
han, for slik å illustrera at arbeidsfelta kan overlappa.
Andre stader i landet, som i Telemark, har det vore gjennomført samlokalisering,
erfaringane skal vera gode.

Tilbakemelding
Dette er også i tråd med domstoladministrasjonen i Trondheim si line.
– Samlokalisering gjev eit utvida fagleg miljø og reduserte kostnader, seier rådgjevar Yngve Andersen i domstoladministrasjonen. Han opplyser at administrasjonen har ein dialog med Amfi og at etaten avventar ei tilbakemelding
på lokala i Sogndal sentrum.

Inga sentralisering
Det er ingen løyndom at den same domstoladministrasjonen har tala varmt for totalt
færre tingrettsinstansar.
I dette biletet er samlokalisering også eit høveleg verkemiddel, sett frå Sogn. Harald Hjermann er samd i at det er ein fordel i så måte å stå større og meir robust.
Ved administrasjonen i Trondheim blir denne problemstillinga avvist. – Det er
ingen planar om vidare sentralisering, i alle fall ikkje no, seier Yngve Andersen.

Ti tilsette
Det er fem personar tilsett ved jordskiftekontoret i Leikanger.
Tingretten i Sogndal har det same talet tilsette. Det nye miljøet vil såleis omfatta
ti personar. Dei to domstolane dekkjer dei same åtte kommunane i Sogn. I fylket er det jordskifterettar også i Nordfjord (Eid) og Sunnfjord (Førde). I Nordfjord er tingretten nedlagd, i Sunnfjord er jordskifteretten og tingretten lokaliserte med kort avstand mellom, i Førde sentrum, men ikkje samlokaliserte.

Siden ble sist oppdatert: 18.01.2010, kl. 12:14