Jordskiftedomstolene / 

Kan bli tvinga til å byggja veg

VIK: Ei handfull grunneigarar i Bødalslia i Vik kan, jamvel om dei seier seg uinteresserte, bli pålagde å medverka til bygginga av ein skogsbilveg

SOGN AVIS onsdag 3.mars 2010 Terje Eggum

Det er jordskifteretten som har mynde til å skjera i gjennom og peika på dei personane som har store nok fordelar av vegen til å bli pålagde å delta.
Sytten grunneigarar hadde frist til før helga med å melda inn til Indre Sogn skifterett
interesse for vegen.

Halvparten interessert
Jordskiftedomar Hans Ruud opplyser at 8–10 av dei som er utfordra har meldt inn ei positiv haldning til framføringa av Eiggjavegen.
Men fleire av dei spurde har vendt tommelen ned og vist til at vegen er til avgrensa nytte for eigedomane deira. Endeleg har nokon, som også er marginale, signalisert interesse, ikkje minst i lys av utsiktene til å koma like til fjells på Bødalssida.

Nye 1900 meter
Prosjektet er ei påkopling til eksisterande veg i Bødalslia.
I første omgang er det aktuelt å seia ja til å vera med på bygginga av ei 1900 meter lang slyngja opp under det markerte høgdedraget vest for Flatbygdi. På denne koten, 725 meter over havet, er det planen å vidareframføra vegen etter to armar. Ein skal nordover bak Bødalseiggji, den andre skal i retning sør, over Midlangseiggji til Grønli.
Det er vegen opp til kote 725 som er aktuell no, denne er rekna til å kosta 600.000
kroner.

Tilbakehalden
– Me ser no på kvar einskild eigedom si nytte av tiltaket, i neste omgang må me vurdera om det er naudsynt å påleggja grunneigarar å medverka, seier Hans Ruud, og understrekar at jordskifteretten vil vera tilbakehalden med det siste.
Men det er like fullt jordskifteretten si oppgåve å peika på dei som har udiskutable fordelar av vegen.
Hans Ruud opplyser at det kan dreia seg om 25–30.000 kroner i gjennomsnitt for
grunneigarars medverknad i denne omgangen. Men truleg må desse rekna med å måtta bli med også på dei to armane som er planlagde ut frå sluttpunktet på kote 725. Den totale kostnaden blei for nokre år sidan rekna til ein million kroner.

Offentlege tilskot
Men kostnadsbiletet blir monaleg dempa av massivt tilflyt av offentelege midlar.
Dei 600.000 det kostar å byggja frå Bødalslia til kote 725 er såleis dekt opp frå det
offentlege si side med med femti prosent, fordelt på kommune og stat.
Det blir understreka at det er berre dei som er med frå starten som tek del i dei
offentlege tilskotsordningane.
Dei som nøler med å hiva seg på prosjektet frå starten blir «mjukna» med utsiktene
til å måtta betala ein høgre sum om dei kjem med seinare.

Kommunen er med
No skal jordskifteretten setja seg ned og justera partane sin medverknad på finansieringa i lys av kvar einskild si nytte av vegen.
Til no har Fylkesmannen si miljøvernavdeling ikkje signalisert skepsis til inngrepet.
Kommunen har gjeve byggjeløyve og tilsegn om tilskot fram til kote 725. Armane
vidare må godkjennast etter bygningsloven.

– Ein sjanse me aldri får att
VIK: – Denne sjansen får me aldri att, seier Audun Grov, som koordinerer  interessene bak traktorvegen til Eiggja
.
Han peiker på det gunstige tilbodet som ligg på bordet.
Entreprenøren krev 350 kroner meteren for dei 1900 metrane frå eksisterande veg til kote 725.
– Det var så langt me kunne få tilskot i denne omgang, seier Audun Grov, og vonar at mange nok signaliserer ynskje om å bli med, slik at det kan bli snarleg
oppstart.
Audun Grov presiserer at det er søkt om traktorveg med breidde og traséval tilpassa
seinare oppjustering til skogsbilveg. Han seier det aldri har vore veg i denne lia,
han meiner dei som har stølar oppe på ryggen har god bruk for denne vegen.
– Har det vore motstand frå andre miljø så langt?
– Nei, me har ikkje registrert motstand, villreininteressene har sagt ja til vegen, under eitt vilkår, at det blir ein bom.
– Kva med dei siste to armane?
– Det beste var at me fekk kontinuitet i dette, slik at ein straks etter å ha fullført opp til kote 725 kunne ha starta på den vidare framføringa

Siden ble sist oppdatert: 03.03.2010, kl. 09:47