Mange bekkar små gir stor rettskø
Jordskifterettane arbeider på spreng for bønder og grunneigarar som vil ha avklart fallrettane sine.
Sjølv små kraftprosjekt kan gi stor erstatningssum.
(Bergens Tidende, tirsdag 27.oktober 2009)
– Det viktigaste er ikkje pengane, men at det er aktivitet i bygda, seier grunneigar Målfrid Merchant Sunde (60) og stegar over gjerdet langs Onarheimselva på Tysnes.
Frå ein demning på eigedommen sin leverer ho elvevatn til lakseoppdrettar Gerhard Alsaker sitt smoltanlegg. No er Merchant Sunde ein av 27 grunneigarar på
Onarheim som i jordskifteretten får avklart alle grenser og eigedomsforhold
rundt elva. Bakgrunnen er eit utspel frå Alsaker om å få byggja kraftverk i vassdraget.
– Det handlar i denne omgang ikkje om kraftutbygging eller ei. Vi vil berre vera føre var og få avklart fallrettane, seier Arne Onarheim (66), leiar i grunneigarlaget
på Onarheim.
Verdien 20-dobla
Onarheimvassdraget er eitt døme blant ei aukande mengd fallrettssaker for norske jordskifterettar.
I dette tilfellet Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett.
Fleire nye saker kan det bli som følgje av at Høgsterett i fjor knesette eit nytt utrekningsprinsipp for kraftutbygging som i snitt 20-doblar verdien av å vera
fallrettseigar.
Statens Domstoladministrasjon har til og med 2008 registrert i alt 164 behandla
fallrettsaker knytt til norsk småkraftutbygging. Halvparten var i Gulating jordskiftedømme, som er Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Før 1995 var det så å seia ingen slike saker.
Omgjort i kraftproduksjon utgjer sakene berre på Vestlandet 1085 GWh i året, nok til å forsyna 50.000 husstandar. Kraftinvesteringane i prosjekta summerer
seg til over to milliardar kroner.
I fjor handla ein firedel av alle Sunnfjord og Ytre Sogn sine saker om fallrettar, så lang i år tilhøyrer halvparten av i alt 17 innmelde saker denne kategorien, melder jordskifterettsleiar for Sunnfjord og Ytre Sogn, Vidar Otterstad.
Av 13 slutta saker for Nordfjord jordskifterett i 2007 dreidde sju seg om avklaring av fallrettar eller bruksordning i samband med utbygging av småkraftverk.
Nyttig investering
Å gå til jordskifteretten for å få avklart fallrettane kan vera ei nyttig investering for grunneigarane. Det finst døme på inngåtte avtalar med kraftinvestorar med
grunnlag i feil eigarforhold rundt vassdraget.
– Den typiske problemstillinga er å avklara kven som har rett på sjølve fallet eller vatnet. Hovudregelen i Vassressurslova sin paragraf 13 er at dei som grensar inn
til elva har fallrettane. Men vi går inn i gamle dokument og ser om elva eller vassfallet eventuelt er eigd i fellesskap av alle bruka på ein gard, seier jordskifterettsleiar Oddmund Roalkvam.
– Jordskifteretten kan óg etablera eit fallrettslag for eit vassdrag. Det er ei bruksordning med reglar som til dømes fordeler inntekter frå eit kraftverk, seier Roalkvam.
Kraftbruk større enn jordbruk
Mange bønder har sett inntektspotensialet i kraftproduksjon. Årleg får Norges vassdrag og energidirektorat (NVE) inn rundt hundre søknader om små kraftverk.
Ein fersk rapport frå universitetsprofessor Normann Aanesland og forskar Olaf Holm
konkluderer med at småskala vasskraftproduksjon i framtida kan bli like stor målt i kroneverdi som verdiskapinga frå heile det norske jordbruket. Jordbrukets samla eigenkapital var i 2008 rekna til 76 milliardar kroner.
Rapporten er laga på oppdrag frå småkraftforeininga Småkraft AS, som konkluderer med at småskala kraftproduksjon verdimessig vil passera jordbruket med god margin som følgje av ordninga med grøne sertifikat.
Ei utnytting av potensialet fordrar ifølgje Småkraft AS at «et par sentrale flaskehalser ryddes av veien, så som nettilgang og NVEs helt uakseptable lange behandlingstid».
Også Norges Bondelag har oppdaga verdipotensialet som norske bygder har i småkraftnæringa. Bondelaget trur at småskala kraftproduksjon kan koma opp i 15 TWh – rundt 12 prosent av samla norsk kraftforbruk.
NVE meiner potensialet er 30 TWh.
Tekst: Ove A. Olderkjær, Bergens Tidende
Siden ble sist oppdatert: 27.10.2009, kl. 09:26