Jordskifterettane avslutta 1042 saker i 2007 mot 949 i 2006. Areal i skiftefelt var 322754 daa i 2007 mot 195849 i 2006. Det fortell Jordskifterettane sin årsrapport for 2007.
Stortinget har førebels ikkje fastsett mål for saksavviklingstid for jordskifterettane. Det er likevel slik at restansane har vore, og framleis er så store at den gjennomsnittlege saksvviklingstida er monaleg større enn den burde vere. Men utviklinga går i rett retning.
Restansane har aldri vore mindre, og saksbehandlingstida har heller aldri vore kortare enn i 2007.
Slutta saker
Jordskifterettane avslutta 1042 saker i 2007 (949 i 2006). Det blei avgjort 1084 (1102) tvistar i sakene som er avslutta. Etter at ordninga med rettsfastsettande vedtak blei innført for nokre år sidan, blir svært mange uklare rettstilhøve avklara gjennom denne typen rettsavgjerd. I 2007 blei det fatta 3564 rettsfastsettande vedtak.
Areal i skiftefelt var 322754 daa i 2007 (195849). Denne målefaktoren kan variere mykje frå år til år, men i 2007 er skifta areal om lag som i eit normalår.
Det er registrert bruksordning for 561 km² i dei avslutta sakene i 2007. Dette er noko mindre enn i 2006, men likevel omlag som i eit gjennomsnittsår.
Elles merkar ein seg at talet på partar i slutta saker held seg nokså stabilt mellom 8000-10000. I 2007 var det 9552, eller mellom 9 og 10 partar i gjennomsnitt per sak.
Det er fastlagt, avmerka og innmålt 1881 km grenser i 2007, ein auke på 132 km frå 2006. Talet på innmålte grensepunkt var 18635, eller ca. 1300 færre enn i 2006. I alt har jordskifterettane behandla 250 km private vegar i 2007, noko som er om lag som i eit normalår. Gebyrinntektene er auka frå ca. 11,2 mill kr. i 2006 til ca. 13,1 mill. kr. i 2007.
Alt i alt er resultata noko betre enn i 2006. Det er vanleg med slike variasjonar som vi har sett frå år til år dei siste åra. Resultata i 2007 er likevel totalt sett noko betre enn på mange år.
Nye saker
Sakstilgangen auka monaleg i 2007. Det kom inn 1002 nye saker i 2007 mot 897 i 2006. Dette er det høgste talet på nye saker sidan 1997.
Tilgangen på omarronderings- bruksordning og sams tiltak-saker var om lag som i 2006. Rettsutgreiing og grensegang (rettsfastsetting) har auka med vel 20 % frå 2006. Sjølv om denne auken kan virke stor, er det innafor normale variasjonar frå år til år. Ein kan ikkje lese ut noko spesielt ny trend i sakstilgangen av dette.
Over dei siste 3-4 åra fordeler tilgangen på nye saker seg med om lag 28 % omarrondering, 15 % bruksordning/sams tiltak, 56 % rettsutgreiing og grensegang og 1 % skjøn.
For 25 år sidan utgjorde grensegang/rettsutgreiing bortimot 70 % av nye saker; ved århundreskiftet utgjorde den om lag 40 %. Dette viser at det er nokså store svingingar i tilgangen på saker over tid. Men hovudtrenden dei siste åra har vore auka tilgang på rettsutgreiing og grensegang, redusert tilgang på saker som gjeld omarrondering. Auken i rettsutgreiing og grensegang viser at behovet er stort. Auka tilgang på slike saker kjem trass i at gebyrkostnaden for grensegangssaker har auka monaleg, og meir enn for andre typar saker dei siste 10 åra.
Restansar
Jordskifterettane har redusert restansane sterkt dei siste åra, frå 3919 føreliggjande saker pr. 1.1.1983 til 2558 i 1998/99 og vidare til 1785 ved siste årsskiftet. Restansane er altså meir enn halvert i løpet av dei siste 25 åra. Reduksjonen siste året var ca. 1 %. Restansane har aldri vore mindre. Det er likevel slik at dersom talet på nye saker held seg på det nivået det var i 2007, må det setjast inn ekstra ressursar for å få restansane ned på eit akseptabelt nivå innan rimeleg tid.
Den føreliggjande saksmengda ved årsskiftet tilsvarer truleg ca. 450 årsverk, eller knapt to års arbeid for dei tilsette ved jordskifterettane.
Når vi ser på utviklinga for dei ulike sakstypane dei siste 10 åra, er det ein jamn nedgang i restansane for saker som gjeld rettsfastsetting og omarrondering, medan saker som gjeld bruksordning og felles tiltak har halde seg stabilt. Grunnen til denne utviklinga er ikkje utan vidare gitt. Men for bruksordning/felles tiltak har det vore ein stabil tilgang på nye saker, medan det for omarrondering har vore ein viss nedgang i sakstilgangen.
Delforklaringar på reduksjonen i rettsfastsettingssaker kan nok både vere at ein stadig drar større nytte av den teknologiske utviklinga, og at kvar einskild sak gjennomgåande er av mindre omfang.
Saksbehandlingstid og ventetid
Gjennomsnittsalderen på slutta saker er 2,3 år som i 2006. Saksbehandlingstida ligg på 1,1 år, også som i 2006. Dette betyr at gjennomsnittleg ventetid frå sak blir kravd til den blir tatt opp til behandling nå er 1,2 år. Ventetida er framleis altfor lang. Men den sterke reduksjonen i restansane over dei siste åra har nå byrja å gjere seg betydeleg utslag i gjennomsnittsalder og saksbehandlingstid. Dette er ei utvikling som vil halde fram om ikkje sakstilgangen skulle kome til å auke monaleg igjen.
Jordskifteoverrettane
Jordskifteoverrettane slutta 44 saker i 2007, 8 fleire enn året før. Det kom inn 49 nye saker, eller meir enn dobbelt så mange som i 2006. Talet på føreliggjande saker ved årsskiftet var 37. Talet på nye saker er dermed tilbake på nivået for 5-6 år sidan. Dette er uventa, og det er vanskeleg å vite om dette er eit kortvarig blaff, eller om det er ei ny trend.
Gjennomsnittsalderen på slutta saker var 14 månader (17 mnd. i 2006) medan gjennomsnittleg saksbehandlingstid var 5,3 månader (5,6 mnd. i 2006). Saksavvikling og saksbehandlingstid i jordskifteoverrettane er svært tilfredsstillande.
FAKTA
Nokre sentrale tal frå statistikken for slutta saker
2006 2007
Tal slutta saker 949 1042
Tal partar i sakene 8031 9552
Tal rettstvistar avgjort 1102 1084
Tal rettsfastsettande vedtak 3891 3564
Tal innmålte grensepunkt 19912 18635
Skifta areal 195 849 daa 322 754 daa
Merka grenser 1749 km 1881 km
Gjennomsnittsalder 2,3 år 2,3 år
Saksbehandlingstid 1,1 år 1,1 år
Behandla private vegar 529 km 250 km
Figurer og tall for den enkelte rett finnes domstolanas årsrapport Domstolene i Norge 2007.
Siden ble sist oppdatert: 11.04.2008, kl. 10:56