Veg gir «vondt blod»
– Her går grensa! Ein nabostrid om kven
som eig veggrunnen har rasa i ni år.(Haugesunds Avis, onsdag 21.oktober 09)
BJOA: Alt før saka enda i jordskifteretten måndag, har stavangermannen Terje Haga bygt seg ny veg, parallelt med Gunvald Gundersens veg i Apalvik på Bjoa.
Men kommunen ville ikkje ha to avkøyrsler berre nokre få meter frå kvarandre, ut i den kommunale Apalvikvegen.
Terje Haga sa i retten at han overtok ein eigedom utan grensemerke.
– Min nabo, Gunvald, sa at grensa går ved vegen. Men ei grense er ei linje mellom to punkt, ikkje ei heil vegbreidd. Difor har eg no vald å bruka jordskifteretten til å få fastsett grensene.
Ei utskrift frå 1958 viser at nabogrensa går ein stad i vegen, sa Haga.
Vakker stad
Apalvik i Bjoa ligg med vakker utsyn mot Stord, Kattnakken og Borgundøy. Ikkje rart at folk vil bu her, eller eiga noko og feriera her.
I 2001 overtok stavangermannen Terje Haga eit småbruk etter ein onkel. Sidan den gongen har han, med fleire støttespelarar, vore i kontrovers med fastbuande Gunvald Gundersen, med fleire støttespelarar.
Måndag møttest dei i jordskifteretten for å få avklart ein ting: Kven eig veggrunnen? Stavangermannen sa han hadde prøvd å få betala for å nytta vegen forbi Gundersen.
– Me hadde ein munnleg avtale om 15.000 kroner. Men då eg fekk advokat til å setja opp avtalen, ville ikkje Gunvald skriva under. Han sa at nokre av søskena hans hadde sagt at eg slapp for billeg, fortalde Haga. Haga fortalde også at området der vegstriden står, blei kalla «Hagahålå», og at det var her onkelen hans hadde postkasse og fekk levert varene sine.
Fekk støtte
I retten blei hans versjon av vegstriden støtta av ein yngre bror av Gunvald Gundersen, Alf Magne Gundersen og svigersonen til ein nabo, Astrid Knutsen.
Alf Magne Gundersen sa han hadde fått lov til å kopla seg på Haga sin nye veg, etter at broren hadde sett bilen frå seg, låst, midt i deira felles veg – slik at han ikkje kom fram.
Gunvald Gundersen, og ein annan bror Sverre Gundersen, fortalde ei heilt anna historie.
– Terje Haga har «gløymt» at vegretten til småbruket hans går ein heilt annan stad. Det har eg gamle folk som kan vitna på, sa Gunvald Gundersen.
Han tykte det var rart at Haga no krev vegrett på ein veg som Gundersens far har bygt.
– Eg meiner eg eig veggrunnen. Det ville vore meir enn merkeleg om Terje Hagas avdøde onkel, som har gjerdeplikt på denne sida, skulle setja gjerdet opp midt i vegen, meinte Gunvald Gundersen.
Dei to brørne til Gunvald, Alf Magne og Sverre, er hamna på kvar si side i vegstriden.
Ein annan nabo, Trygve M. Olsen (svigerson til Astrid Knutsen) meinte svigermora aldri har sagt at ho ikkje eigde veggrunnen.
– Men ho understreka at ho ikkje eigde sjølve vegen.Og at me aldri har nekta nokon å nytta han, sa Trygve M. Olsen.
No er det jordskiftedommar Anbjørn Næss i Haugaland og Sunnhordland jordskifterett som skal avgjera tvisten.
Tekst: Sigmund Hansen, Haugesunds avis
Siden ble sist oppdatert: 21.10.2009, kl. 11:05