Jordskiftedomstolene /  Jordskifteloven /  Arbeidet med ny jordskiftelov / 

Arbeidet med ny jordskiftelov

Jordskifteloven er for tiden under revisjon med sikte på at det arbeides ut en ny lov. Arbeidet gjennomføres av en arbeidsgruppe i Landbruks- og matdepartementet som får støtte fra en bredt sammensatt referansegruppe. Her er mer informasjon om lovarbeidet.

 

Lovarbeidet har følgende mandat:

1. Bakgrunn

Det utvalet som behandla jordskifterettane si stilling og funksjonane deira – NOU 2002:9 – peika m.a. på at etter den siste store lovrevisjonen i 1979, er det gjennomførd ei rekkje enkeltståande lovendringar slik at lova no er så uoversiktleg at det er nødvendig med ein brei gjennomgang, jf. og landbruksministeren sin uttale i Stortinget i samband med behandlinga av Ot.prp. nr. 106 (2002-2003). Det ser og ut til å vere semje i fagmiljøa om ein slik gjennomgang.

2. Mål

Det skal skapast ei jordskiftelov som høver med tida og tilhøva ut frå dei behov eigarar, rettshavarar og samfunnet elles har for å løyse tvistar og problem knytt til utnytting og bruk av fast eigedom.

3. Generelt

Alle delar av jordskiftelova skal vurderast. Det skal leggjast til grunn at jordskifterettane framleis skal vere organisert som ein domstol, slik det er lagt til grunn i NOU 2002:9 og ved den seinare behandlinga av ho. Teknisk arbeid i form av grensemerking, landmåling m.v. skal framleis vere ein integrert del av domstolen sitt arbeid.

Lova skal ha ein oversiktleg struktur og vere tilgjengeleg på eit vis som samsvarar med krava til ei moderne lov. Dette skal gjerast so vel med sikte på den bruk profesjonelle aktørar gjer av lova, som på at lova skal vere tilgjengeleg for å kunne nyttast av folk flest.

Arbeidet skal utførast av ei arbeidsgruppe som blir peika ut av Landbruks- og matdepartementet. Departementet kan etter råd frå gruppa fastsetje at ho skal setjast saman på ulikt vis ut frå dei spørsmåla som skal behandlast.

Arbeidet skal gjerast i samarbeid med dei som har yrket sitt i jordskifterettane og andre som har erfaring med det arbeidet jordskifterettane gjer. Departementet vil nemne opp ei referansegruppe i samråd med arbeidsgruppa. Nokre av medlemmane i gruppa kan veksle med dei spørsmåla som skal behandlast.

I samråd med departementet kan arbeidsgruppa gje oppdrag til andre for å greie ut spørsmål som krev kunnskap ut over det arbeidsgruppa har sjølv.
Eit høyringsutkast skal liggje føre seinast den 1. juli 2007.

4. Særskilde emne

Arbeidsgruppa skal sjå til at:
a) Lova gjer det klart kva som er jordskifteretten sine oppgåver. Det skal vurderast om lova bør redigerast slik at dei ulike sakstypane med tilhøyrande saksbehandlingsreglar blir behandla i ulike kapittel. Det skal vurderast om reglane om jordskifteretten sin kompetanse i andre lover skal takast inn i jordskiftelova.
b) Tvistelova, skjønnslova og anna prosesslovgjeving blir gjort gjeldande for jordskifterettane, så langt ikkje særlege omsyn tilseier noko anna. Her skal arbeidsgruppa og ta stilling til kva form tilvisingane til anna prosesslovgjeving bør ha. Det er ønskjeleg at nemningane i saksbehandlingsreglane og på avgjerdsformene, så langt det er mogleg, blir like nemningane i anna prosesslovgjeving.
c) Reglane om anke osb. over dei avgjerder jordskifterettane tek, blir samordna så langt det er tenleg og omsynet til partane sin rettstryggleik tilseier det. Det skal særskilt vurderast om ein skal ha to ulike instansar som i dag, eller om til dømes desse instansane kan samordnast til eller avløysast av ein. Det skal her vurderast om og i tilfelle korleis det skal kunne ankast over avgjerder av skjønnsmessig art, og om det bør fastsetjast reglar som set grenser for ein slik rett, om ankesum og liknande.
d) Det blir tatt stilling til om dei reglane som i dag legg avgjerdsmyndigheit til ulike domstolar i saker av same slag bør oppretthaldast, eventuelt om det her er behov for endringar, jf. dei arbeidsoppgåvene som er nemnde i NOU 2002:9 kap. 9.3.6.6.1.
e) Reglar som ikkje lenger er høvelege etter tida og tilhøva blir tatt ut av lova.

Siden ble sist oppdatert: 10.12.2007, kl. 16:23