Vigsel og partnarskap
Vigsel/partnarskap blir inngått i tingretten måndag til fredag frå kl. 0800 til kl. 1500, samt laurdag etter særskilt avtale dersom det høver for dommarane.
Sogn tingrett krev original prøvingsattest frå folkeregisteret i hende for tinging av tid for vigsel/partnerskap. Paret får med seg mellombels vigsel/partnerskapsattest etter seremonien. Original attest vert seinare sendt frå folkeregisteret.
Seremonien varer vanlegvis 10 minutt. Vi har ein seremonitekst som vi les, men det er også høve til å komme med ynskje om lesing av dikt, spele musikk og liknande. Vi tek sikte på å gjere seremonien slik paret ynskjer så langt det let seg gjere og gjennomfører også sermoni på engelsk.
Det må vere to vitne til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarane, men einaste krav er at det er to myndige personar.
Det er høve til å fotografere/filme under heile seremonien.
For meir informasjon kan de ta kontakt med tingretten ved Mona Sjøvoll Vangestad eller Berta Skildheim Kvam.

Siden ble sist oppdatert: 25.01.2008, kl. 14:32