Pressetenestene har lukka sider for media. Dei lukka pressetenestene inneheld informasjon om når rettssakane går (berammingslistene) for alle tingrettane og lagmannsrettane, samt avgjerder m.m. frå dei domstolane som i dag har valt å nytte elektroniske pressemapper. Utlegging på desse sidene er basert på tillit til at media vil nytte opplysningane i samsvar med god presseskikk. Publisering av opplysningar frå sidene skjer under dei enkelte organa sitt sjølvstendige redaktøransvar.