Fleire løyste tvistar i jordskiftedomstolane

Talet på løyste tvistar i jordskifterettane var 404 og det var 1553 rettsfastesettande vedtak i første halvår 2011.  Det er høgare enn i 2010. Samtidig aukar restansene.

Jordskifterettane leverte halvårsrapport for første gong i 2010. Vi har difor lite erfaring med å vurdere halvårsstatistikk, og vi kan ikkje trekke bastante konklusjonar.

Halvårsstatistikken for 2010 viste at restansane då hadde auka med 8,6%, noko vi trudde indikerte at restansane også ville auke på årsbasis. Men årsresultatet viste ein nedgang på 4%.

Halvårsstatistikken for 2011 viser at restansane har auka med 11,5% sidan årsskiftet. Dette er i utgangspunktet dramatisk. Dersom utviklinga i andre halvår blir som for fjoråret, vil auken i restansane på årsbasis likevel bli vesentleg mindre.

Vi kan likevel ikkje rekne med ei like positiv utvikling i andre halvår som i 2010. Rekrutteringskrisa verkar sjølvsagt negativt inn på saksavviklinga. Over 20% av jordskifterettsleiar - embeta står nå ledige. Det har også vore svært vanskeleg å rekruttere ingeniørar. Vi må difor rekne med at restansane vil auke betydeleg også på årsbasis – for første gong sidan 1999.

Slutta saker

Det er slutta 427 (493 i 2010) saker i første halvår. Desse fordeler seg med 24 (25) % på omarrondering, 19 (23) % på bruksordningar og sams tiltak, 55 (50) % på rettsfastsetting og 2 (2) % på skjøn.

Resultatindikatorane viser at det er merka 1039 (1329) km grenser, tal partar i sakene er 4206 (5563), behandla elvestrekning 35 (528) km og behandla veg 178 (168) km. Det er registrert eit svært stort skifta areal: 439 655 daa. Over halvparten av dette arealet skriv seg frå det store skogskiftet i Imsdalen i Østerdalen.

Elles merkar ein seg at talet på løyste tvistar 404 (353) og rettsfastsettande vedtak 1553 (1400) er høgare enn i 2010.

Halvårsresultata er gjennomgåande markant dårlegare enn i 2010. Det er avslutta 15% færre saker første halvår enn i 2010. Jordskifterettane har hatt svært gode resultat dei siste åra, og 2010 var det beste året hittil. Det er difor ikkje uventa at resultata er dårlegare enn i 2010. Men utslaget er så stort at det ikkje kan forklarast fullt ut med normale årlege variasjonar. Det mest nærliggande å peike på, er rekrutteringskrisa, som nemnt ovanfor.

Nye saker

Det har kome inn 588 (600) nye saker i første halvår. Vi kan difor vente at sakstilgangen på årsbasis blir om lag som i 2010.

Saksfordelinga viser at rettsfastsettingssakene utgjer ein gradvis større del av sakene. Heile 61% (60%) av sakene høyrer heime her. Omarrondering utgjer 21% (21%), bruksordningar og sams tiltak 17% (18 %) og skjøn 1% (1%).

Restansar

Restansane har auka med 181 (141), eller 11,5% (8,6)% i første halvår. Dette er dramatisk og urovekkande.

Vi kan håpe at situasjonen vil betrast noko i 2. halvår som i 2010, men rekrutteringskrisa gjer at vi ikkje kan vente den same positive utviklinga som i 2010. Vi kan vente ein betydeleg auke i restansane på årsbasis i 2011.

Saksbehandlingstid og alder på saker

Gjennomsnittsalderen for slutta saker var 2,1 (2,1) år i 1. halvår. Dette er 0,4 år meir enn talet på årsbasis i 2010. Dette betyr ikkje at gjennomsnittsalderen for slutta saker har auka, det er eit utslag av den uheldige måten gjennomsnittsalderen blir berekna på. Alder på saker blir rekna frå det årstalet saka blir kravd til det årstalet saka blir avslutta. Når ei sak blir slutta etter nyttår, blir ho dermed eitt år eldre. Når ein tar omsyn til dette, tyder gjennomsnittsalderen i halvårsrapporten på at alderen er stabil.

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid har vore 1,0 (0,8) år.

Saksbehandlingstida har auka både i høve til 1. halvår 2010 og i høve til årsresultatet for 2010. Dette er noko uventa sidan restansane har gått ned samanhengande over lang tid fram til 2010. Saksbehandlingstida indikerer at det har blitt avslutta relativt fleire arbeidssame saker enn det som har vore vanleg. Men resultatindikatorane indikerer ikkje dette. Det er difor vanskeleg å forklare denne auken. Kanskje er det slik at ei saksbehandlingstid på 0,8 år er det minste ein kan vente med den samansetnaden av saker ein har nå, og at ein må akseptere ei saksbehandlingstid på mellom 0,8 og 1,0 år.

Analysen er laga av jordskifterettsleiar Ivar Øygard.

Mer statistikk finnes på www.domstol.no/statistikk

Siden ble sist oppdatert: 29.08.2011, kl. 12:33