Koronasituasjonen

Informasjon om kva som skjer i Sogn og Fjordane tingrett som følgje av koronasituasjonen. Sida blir oppdatert etter kvart som situasjonen endrar seg.

Som kjent innførte Regjeringa den 12. mars 2020 strenge restriksjonar knytt til fysisk kontakt mellom personar for å hindre spreiing av Covid 19 (koronaviruset). Tiltaka fekk følgjer for mange delar av samfunnslivet, også for domstolane. Sogn og Fjordane tingrett har vore delvis stengd for vanleg drift frå og med fredag 13 mars.

Etter at mange rettsmøte vart avlyste, særleg i tida fram til påske, er situasjonen no noko endra. Vi viser særleg til at

  • Regjeringa har letta noko på nokre restriksjonar
  • ved «Midlertidig forskrift om forenklinger og tiltak innenfor justissektoren for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av Covid-19» er det komme på plass fleire mellombelse reglar som skal gjere det mogleg å gjennomføre rettssaker med mindre smitterisiko
  • domstolane har fått «Veileder i smittevern for Norges domstoler ved fysiske rettsmøter», datert 28.04.2020 utarbeidd av Folkehelseinstituttet og Domstoladministrasjonen.

Domstolen har søkt råd hos og har hatt besøk av og smittevernkonsulent/kommunelege i Førde, Sogndal og Nordfjordeid for å vurdere konkrete krav til smitteverntiltak mellom anna ved fysiske rettsmøte i rettssalane våre.  

Tiltaka er no innført, og domstolen tar sikte på å behandle saker som vart utsette i den første fasen og dei sakene som kjem inn til domstolen framover innan rimeleg tid. Dei mest tidskritiske sakene vert prioritert først.

Sakene må framleis gjennomførast under eit strengt smittevernregime. Dersom det er nødvendig ut frå smittevernomsyn og så sant dommaren finn det ubetenkeleg vil heile eller delar av saka bli  gjennomført utan fysiske oppmøte i domstolen.  Dette kan skje ved skriftleg behandling, eller ved at aktørane følgjer rettsmøta digitalt.

Alle saker i domstolen må gjennomførast på ein slik måte at retten får eit forsvarleg avgjerdsgrunnlag og at dei som får sine saker behandla i domstolen kan ha tillit til at dette overordna omsynet vert realisert.

Dette inneber at nærast alle sakene må  tilretteleggast individuelt  slik at både omsyna til smittevern og omsynet til forsvarleg saksopplysning vert ivaretatt.

Avgrensa bruk av frammøteforkynning inntil vidare

I tida framover vil Sogn og Fjordane tingrett som hovudregel nytte postforkynning, og ikkje frammøteforkynning, for å bidra til minst mogeleg smittespreiing.

Utvalde sakstyper

  • Notarialforretningar: Retten utfører notarialforretningar etter nærare avtale. Ta kontakt på telefon 55 69 43 00 eller e-post softpost@domstol.no
  • Dødsfall, arv og skifte: Du kan få råd og rettleiing på telefon 55 69 43 00 (kl. 09.00-15.00) eller på e-post til softpost@domstol.no  
  • Deponere testament: Du kan sende testament i posten (Sogn og Fjordane tingrett, postboks 85, 6801 Førde)
  • Oppbod: Du kan sende krav om oppbod i posten eller på e-post til softpost@domstol.no Original må sendast i posten same dag. (Sogn og Fjordane tingrett, postboks 85, 6801 Førde)
  • Mellombels sikring/arrest: Advokatar nyttar Aktørportalen for å sende inn krav om mellombels sikring/arrest. Andre kan sende krav om mellombels sikring/arrest per e-post til softpost@domstol.no .Original må sendast i posten same dag.

Andre spørsmål?

Til toppen