Årsmelding 2019

Foto: Sarah Lyngholm Kristiansen

Frå førstelagmannen

Foto: Bjørn Erik Larsen

Årsmelding 2019

I Gulating har me lagt bak oss endå eit år med høg aktivitet og store endringar.

Digitaliseringa gjer stadige byks framover og me avviklar no dei fleste sakene digitalt. Konkret inneber det at me mottek alle saksdokument digitalt, og at alle dokumentbevis vert lagt fram digitalt i retten.
Førebels signerer me dommane våre på «gamlemåten», men reknar med at digital signatur vert innført i løpet av 2020. Vonleg vil den digitale samhandlinga etter kvart óg verta utvida til å omfatta meddommarar, tolkar og sakkyndige.

I 2019 vart det bestemt at Gulating skal vera pilot forgjenbruk av lyd- og bildeopptak frå tingretten. Konkret vert det no gjort opptak av part- og vitneforklaringar i Jæren tingrett som lagmannsretten skal spela av når sakene vert anka hit, i staden for å høyra vitna direkte. Hausten 2019 gjekk med til tekniske oppgraderingar og utprøving, samt utarbeiding av retningsliner for prosjektet. Me har no motteke den første lyd- og bildesaka og vonar piloten vil gje oss eit godt grunnlag for å meina noko om korleis lyd- og bildeopptak eventuelt skal takast i bruk i domstolane. Prosjektet er omtala nærmare i denne årsmeldinga.

Gulating hadde i 2019 særskilt fokus på sakstyring i sivile saker. Målet med tvistelova frå 2008 var at saker som vert anka til lagmannsretten skulle «spissast» til å omhandla det partane eigentleg er usamde om, og at ankeforhandlingane skulle verta kortare. Diverre har utviklinga gått feil vei. Ankeførehavingane vert stadig lengre og sakskostnadene aukar tilsvarande. Det har me i Gulating teke mål av oss til å gjera noko med. Kva me har gjort, og kva planar me har framover, kan du lesa meir om i årsmeldinga.

Juridiske utgreiarar har vore ein del av staben i Gulating sidan 2011. Eininga byrja med to utgreiarar, og vaks i 2019 til åtte. Om rolla til utgreiarane og kva dei arbeider med kan du óg få innsyn i lenger bak i årsmeldinga.

Eit anna område me har hatt fokus på er rettsmekling. Ein av våre mest erfarne rettsmeklarar gjekk i 2019 av for aldersgrensa, men etterlet seg ei solid arv som våre «nye» rettsmeklarar har teke over og skal vidareutvikla.
Dei leverte svært solide resultat allereie i 2019, og vil fortsetja det gode arbeidet i 2020. Me ser på rettsmekling som eit sentralt og viktig tilbod til alle som ankar sivile saker til lagmannsretten. Målet vårt er å ha ein sterk og synlig profil på dette feltet når det frå sentralt hald no er bestemt at alle norske domstolar i 2020 skal ha særskilt fokus på rettsmekling.

Fleire har slutta og byrja i lagmannsretten i 2019. Lagmann Jan Erik Erstad gjekk av ved årsskiftet etter lang og tru teneste, og deler sine tankar om livet i lagmannsretten i årsmeldinga.

Me har i 2019 óg hatt eit skarpt blikk på korleis me nyttar arbeidskrafta til dei administrativt tilsette. Mange har på imponerande vis utvida kompetansen sin og teke på seg nye oppgåver.
Dei stadige kutta i domstolane sine budsjett har gjort arbeidet med effektiv ressursutnytting til den nye kvardagen. Sjølv om det er viktig å fokusera på effektiv ressursutnytting er me urolege for kva innverknad budsjettkutta vil få på saksavviklinga vår framover.

Førstelagmann Magni Elsheim


 

Årsmelding 2018      Årsmelding 2017

 

Til toppen