Informasjon knytt til situasjonen med covid-19

Informasjon om kva som skjer i Gulating lagmannsrett som følgje av koronasituasjonen. Sida blir oppdatert etter kvart som situasjonen endrar seg.  

Smitteverntiltak
Du må ikkje møte opp i lagmannsretten dersom du har symptom på forkjøling (sjølv om du har testa negativt for covid-19), mistenker koronasmitte eller er i karantene.

Partar, aktørar og andre som skal til Gulating lagmannsrett må gjere seg kjende med gjeldande smitteverntiltak før ein møter i lagmannsretten.

Her finn du meir informasjon om smittevern i domstolane og ein informasjonsfilm om smitteverntiltak for deg som skal møte i ein fysisk rettssak.

Ta kontakt med Gulating lagmannsrett på telefon 55 69 39 00 eller
e-post gulating@domstol.no dersom du er innkalla til lagmannsretten og ikkje kan møte grunna symptom på smitte eller du er i karantene.
Telefonsentralen er betjent kvar dag i tidsrommet kl. 08.00-15.00.

Den nasjonale smittevernrettleiaren er førande for all aktivitet i domstolen (fhi.no)

Saksavvikling
Gulating lagmannsrett har tilnærma normal drift og saksavvikling. Sakene vert behandla på ulike måtar: som fysiske rettsmøte i lagmannsretten, ved bruk av lyd og bilete (fjernmøteteknikk), ved skriftleg behandling eller i ein kombinasjon av desse alternativa. Saker med meddommarar vert behandla i rettssal.

Advokatar og partar vert oppmoda til å vurdera om saker dei har for lagmannsretten kan bli behandla skriftleg, eller om dei kan tilpassast situasjonen f eks ved at nokre eller alle forklaringar og munnlege innlegg vert gjevne ved overføring av lyd og bilete. Lagmannsretten er positivt innstilt til gode løysingar som innanfor gjeldande prosesslover kan bidra til at sakene kan gjennomførast framfor å verta utsette.

Sjå:  https://lovdata.no/dokument/LTI/lov/2020-11-06-125 

Tilgang til Gulating lagmannsrett 
På grunn av smittefare er det berre partar, aktørar og andre med strengt naudsynt ærend som har tilgang til lagmannsretten sine lokale. Alle som kjem til lagmannsretten må følgje smitteverntiltaka og registrere seg som gjest via QR-kode eller SMS.

Journalistar som ønskjer å følgje ankeforhandlingar må avklare dette på førehand. Det kan vere aktuelt å følgje forhandlingane gjennom videooverføring. Denne ordninga må vurderast i den enkelte sak.

For å førebyggje smitte av koronaviruset held Gulating lagmannsrett stengt for skuleklassar og andre store grupper inntil vidare.

Vitnestøttetenesta frå Røde Kors vil vere tilgjengeleg i lagmannsretten ved behov,  etter nærare avtale.  

Rettleiing for oppsett av anke/rettsmiddelerklæring vil bli gitt pr. telefon/e-post eller etter nærare avtale.

For generell informasjon om domstolen
www.domstol.no eller gulating@domstol.no

 

Til toppen