Rettsmekling

Foto: Sarah Lyngholm kristiansen

I tillegg til ordinær handsaming av sivile tvistar ved ankeforhandling og dom, tilbyr Gulating lagmannsrett hjelp til å løyse tvistar gjennom rettsmekling. Rettsmekling er ein meir uformell metode enn ordinær handsaming i rettsmøte. Meklinga skjer i eit møte som ikkje er eit rettsmøte, og der partane får høve til å diskutera mogelege løysingar på tvisten direkte med dommaren. Fokus vert retta mot det å finna ei tenleg og framtidsretta løysing på tvisten, og ikkje stridast om kven som eventuelt har rett eller ikkje i høve til det striden gjeld. Ofte går det an å finne gode ordningar som sikrar begge partar sine behov framover, i staden for å stridast om det som har vore. 

Under meklingsmøte kan partane ha advokatane til stades som støtte, men partane har ei meir framståande rolle enn i ei ordinær rettssak der det ofte er advokatane som fører ordet. Rettsmekling er også billegare enn ordinær handsaming både fordi prosessen som oftast vert kortare og fordi gebyret vert langt lågare dersom saka vert forlikt på eit tidleg stadium i prosessen. Mange som har vore gjennom rettsmekling framhevar også at det er betre for partane å ha ei avtale å støtte seg på, enn at den eine parten vinn og den andre taper. Samarbeidsklima vert ofte betre og partane føler ei sterkare plikt til å oppfylle avtala.

Rettsmekling vert i dag tilbydd alle partar i sivile ankesaker og vert gjerne halde snarast mogeleg  etter at saka er kome inn for lagmannsretten. Rettsmekling forseinkar ikkje den ordinære handsaminga dersom ein ikkje skulle nå ei løysing gjennom mekling.

Til toppen