75-årsmarkering av frigjeringa 8. mai 2020

Høgsterett markerte i dag frigjeringsdagen ved å leggje krans på bysta av tidlegare justitiarius Paal Berg.

Justitiarius Toril Marie Øie og direktør Bente Kraugerud stod for kransenedlegginga.

Berg var mot slutten av krigen leiar av Heimefronten og deltok aktivt i arbeidet fram mot frigjeringa. Han var sentral i dei politiske hendingane som fann stad etter det tyske angrepet på Noreg 9. april 1940. Høgsterett oppretta Administrasjonsrådet 15. april 1940 – som ein reaksjon på Vidkun Quislings statskupp. Rådet si oppgåve var å leie den norske siviladministrasjonen i dei okkuperte områda. Rådet vart seinare avløyst av Josef Terbovens «kommissariske statsråd». Den 21. desember 1940 låg justitiarius Berg og dei andre dommarane ned sine embete som protest mot den tyske okkupasjonsmaktas innblanding i rettsvesenet. Etter krigen var Undersøkelseskommisjonens konklusjon at «den tredje statsmakt og dens leder kan med stolthet se tilbake på sin virksomhet frem til den lange rettsferien som begynte den 21. desember 1940. Høyesterett fortjener folkets takk».

Les meir om Paal Berg:

Peter Lødrup : Paal Berg i Norsk biografisk leksikon på snl.no
Tore Schei: Foredrag under Paal Berg-seminaret 6. juni 2012

Til toppen