Nye møterettsadvokatar

I 2019 fekk 25 advokatar møterett for Høgsterett.

Onsdag 22. januar 2020 var det ei mottaking for dei i Høgsteretts Hus. For første gong var kvinnene i fleirtal blant dei nye møterettsadvokatane. Prøveadvokatordninga har røter langt tilbake i tid. Advokatprøva – «advokaturen» – vart innført i den dansk-norske høgsterett København i 1771, og vidareført då Noreg fekk sin eigen høgsterett i 1815 etter lausrivinga frå Danmark året før. Når prøva er bestått, får advokaten eit diplom frå høgsterettsjustitiarius som stadfestar at advokaten har vist seg skikka for sakførsel ved Høgsterett.

Til toppen