Alvorleg fartsoverskriding

08.06.2000, nr. 2000/273, straffesak, anke

Vegtrafikkloven § 31, 1. ledd, jf. § 5 1. ledd

A (Advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta

Dommere: Bruzelius, Stang Lund, Gjølstad, Tjomsland, Holmøy

A var i byretten dømd til fengsel i 14 dagar utan vilkår for å ha kjørt med ein gjen-nomsnittsfart på 142 km/t, der fartsgrensa var skilta for 90 km/t. Lagmannsretten forkasta under dissens ein anke over straffutmålinga. A anka straffutmålinga vidare til Høgsterett.

Høgsterett forkasta anken. Retten la til grunn at det ved ei så alvorleg fartsoverskriding må reageras med fengsel utan vilkår, med mindre det ligg føre særleg formildande omstende. Retten fann ikkje grunn til å endre den faste praksisen med fengsel utan vilkår for ei fartsoverskriding av den storleiken det her var tale om. Kjøring i minst 142 km/t inneber ein så alvorleg faresituasjon at moment som høg vegstandard, at bilen er bygd for høg fart mv., ikkje kan gi grunnlag for vilkårsdom.

Til toppen